NESSET: Hurlen var førre veke i kontakt med Direktoratet for mineralforvaltning om situasjonen på Raudsand, og har invitert dei til Nesset.

– Eg håper dei vil komme og gjere greie for situasjonen i gruvene, seier nessetordførar Rolf Jonas Hurlen til Romsdals Budstikke.

– Heng i lufta

– Mykje vart hengande i lufta etter risiko-rapporten som vart lagt fram i sommar, seier Hurlen.

Han viser til Ola Øverlie og Chiara Isola sin rapport om risikomoment for arbeidstakarar og miljø i samband med Bergmesteren Raudsands søknad om deponiprosjekt.

Ifølgje rapporten er det framleis gassutvikling i dei gamle gruvegangane. Det er lagra store mengder udokumentert avfall dumpa der etter den tidlegare gruvedrifta, som kan reagere og produsere eksplosiv gass – i verste fall kan heile gruva kollapse som følgje av eksplosjon, heiter det mellom anna i rapporten.

– Frykt og uvisse

– Fleire opplever frykt og uvisse etter framlegging av rapporten, ut frå usikre moment som fare for ras, gasseksplosjonar og manglande stabilitet i gruva. Dette må vi prøve å få avklaring på, det reknar vi med direktoratet vil gi svar på, seier Hurlen.

– Er du sjølv blitt uroleg?

– Nei. Eg trur dette vert vareteke på ein god måte. Men så lenge det er uvisse, og ting er uavklart, så er det greitt å få ta ned desse tinga ein gong for alle, seier Hurlen.

Ansvar

Direktoratet for mineralforvaltning har ansvar for å gjennomføre sikring av nedlagde gruver.

I tillegg til utgreiing rundt det som har kome fram i rapporten, utfordrar Hurlen også direktoratet på kva tiltak som kan verksettast for å gjenreise tillit, og fjerne eventuell risiko for helse og miljøskade.

– Sidan dei har ansvar det er viktig å få fram deira syn, seier Hurlen.

Direktoratet har levert fråsegn i høyringa til Bergmesterens søknad om deponi for ordinært avfall (Deponi 2).

– Direktoratet har der allereie konkludert negativt?

– I høve til Deponi 2 er det nokså negativt. Det går særleg på at utfordringar ikkje er godt nok greidd ut, det må Bergmesteren Raudsand ta inn over seg, og svare ut dei manglane direktoratet peiker på, seier Hurlen.

Ventar på svar

Per onsdag ettermiddag hadde han enno ikkje fått avklaring på om direktoratet vil stille i kommunestyret slik dei er invitert til.

– Eg går ut frå at vi vil få svar, uansett om dei kjem eller svarer på anna måte, seier Hurlen.

Sak i kommunestyret

Saka kjem uansett på kartet under kommunestyremøtet 14. september.

Ordføraren viser også til at Ap-politikar Melvin Steinsvoll har meldt at han vil stille spørsmål i kommunestyret om forholda på Raudsand.

– Eg hadde kontakta direktoratet før dette spørsmålet var meldt, men det er tydeleg at det er interesse for denne saka, seier Hurlen.