Det seier biskop Ingeborg Midttømme og sokneprest Grethe Lystad Johnsen.

Bakgrunnen er at NRK skrur over frå FM-nettet til DAB i Møre og Romsdal 8. februar, om berre to månader. Og 21. april går Radio Norge og P4 over. Da blir dei mindre verd, dei 6,7 millionar radioane som berre kan brukast på FM-bandet – utanom til lokalradio-seningar.

Men radioane kan attvinnast – eller gjenbrukast. Det siste vil Molde domkyrkje bidra til på misjonsgudstenesta søndag.

– Under ofringa vil vi samle inn FM-radioar – og ein 50-lapp – frå alle som vil bidra. Radioane skal sendast til Kamerun, der dei kan brukast som dei er. 50-lappen er for å dekke utgiftene til transporten, fortel biskopen og soknepresten.

10-åringar

Onsdag førebudde dei gudstenesta, mellom anna saman med mange tiåringar som skal vere med på misjonsgudstenesta. Tiåringane er inviterte som del av kyrkja sitt program for trusopplæring. Romsdalskoret skal også delta på gudstenesta.

NMS Gjenbruk

Det er NMS Gjenbruk som har tatt initiativet til innsamlinga, for å få sendt FM-radioar til Kamerun. NMS – Det Norske Misjonsselskap – har hatt arbeid i Kamerun i snart hundre år – sidan 1925. Dermed går radioane inn i nettverk som NMS har bygd gjennom generasjonar.

Kan også resirkulerast

Det er Digitalradioundersøkelsen frå november som viser at det er 6,7 millionar radioar i Norge som berre kan brukast på FM. Spørsmålet er kva som vil skje med desse etter kvart.

Om apparata kastast i søpla, blir dei eit stort miljøproblem. Blir dei attvunne, kjem stort sett alt til nytte. Digitalradio Norge skriv dette:

«Når apparatene leveres, vil 90 prosent av bestanddelene bli gjenvunnet til nye materialer, mens 9 prosent går til energigjenvinning. Det betyr at 99 prosent av produktene gjenvinnes.»

Så står det att å sjå om andre enn kyrkja og NMS tar initiativ til å handtere dei tusenvis av FM-radioar som blir ubrukelege i vårt fylke etter kvart.

Lokalradio held fram

Eller – lokalradioane får sende på FM-nettet ut 2021.

1FM i Molde om omland kjem på DAB i starten av 2017, men samtidig vil fortsette på FM.

– Vi har FM-konsesjon i fem år til, seier Stian Viken i 1FM

Det er Romsdals Budstikke som eig 1FM, med Ole Bjørner Loe Welde som ansvarleg redaktør.