– Kommunereforma er ei stor utfordring, men vi prøver etter beste evne. Det er mykje vi skulle hatt svar på, både om eigedomsskatt, inntektssystemet, om Kjerringsundet lar seg realisere og meir, seier rådmann Ingrid Husøy Rimstad.

– Signalet frå innbyggarane i Midsund er svært tydeleg. Når nærare 76 prosent ser mot Aukra, bør dette vere eit godt argument for å fortsette prosessen med Midsund kommune, meiner rådmannen.

Grensejustering

Ho bygger på utgreiingar, tidlegare kommunestyrevedtak, intensjonsavtale, innbyggarundersøking og rådgjevande folkerøysting som samla grunnlag for at ein ny kommune med Aukra og Midsund er ønskjeleg.

I si innstilling er rådmannen positiv til initiativ om grensejusteringar. Ho går litt lenger enn andre naboar, og ser det som aktuelt at deler av Søre Fræna og deler av Sandøy kan bli ein del av Aukra kommune.

Skulle visst...

– Det er ofte vanskeleg å sjå fordelar og ulemper også med kommunereforma og val av alternativ, meiner ho.

– Utfordringa for kommunestyret i vurderinga av framtidas struktur er at det ikkje er tydeleg kva alle andre kommunar vedtek, meiner rådmannen, og skulle gjerne visst også det endelege resultatet av alle prosessane i dei andre kommunane.

Eigen kommune

I folkeavrøystinga var det klart fleirtal for at Aukra skal halde fram som eigen kommune. Kommunestyret gjorde vedtak på at dei primært skal halde fram som eigen kommune.

Men rådmannen viser også til innbyggarundersøkinga sist haust, der 73 prosent ser Midsund som den mest ønskjelege kommunen for ei eventuell samanslåing.

Maktdimensjon

– Kommunereforma har og ein regional maktdimensjon. Aukra er ein del av romsdalsregionen og er like avhengig som dei andre kommunane av at regionen lukkast og er konkurransedyktig.

Mykje uklart

Skal Aukra og Midsund gå saman, er veg mellom øyane ein føresetnad. Kva om Kjerringsundet ikkje let seg gjennomføre?

– Vi har klokkartru på at Kjerringsundet vert realisert parallelt med Møreaksen. Men sjølv med maks bompengeinntekter og vedtak om 90 millionar kroner i 20 år frå Aukra kommune, er ikkje vegsambandet fullfinansiert.

Garantiar

– Kjerringsundet AS sitt lån på rundt to milliardar kroner er det usikkert om Aukra kommune vil kunne få godkjent å garantere for. Vil Stortinget gje klarsignal, når finansieringa legg til grunn eigedomsskatteinntekter i 20 år?, er ein naturleg spørsmål. Men vi har eit anlegg på Nyhamna som er viktig for heile regionen. Det talar positivt for at garantiar vert gitt.

Skatteinntekter

– Eigedomsskattregimet er under press og det er usikkert om og eventuelt korleis det vert endra. Rådmannen finn ikkje grunnlag for å forskotere resultatet av dette i ein diskusjon om kommunestruktur. Om det vert vedteke omfattande endringar i eigedomsskatten vil Aukra kommune måtte ta ei ny vurdering om si oppgåveløysing og om kommunestrukturen, skriv rådmannen i si grundige utgreiing til politikarane.

I Aukra kommune har dei klokkartru på at Kjerringsundet vert realisert, i Midsund er det stor tvil. Frå Sundsbøen på Otrøya (nærast) er det øyhopping over Bollholmen, Furholmen, Flatholmen, Kjerringholmen og hengebru over til Aukratangen. Illustrasjon: Rambøll