BÆRUM / MOLDE: Han har fått fleire leiarprisar for innsatsen som direktør ved Ringerike sjukehus der han har snudd uro til trivsel. Økonomien er òg snudd dramatisk, men det gjeld og resten av Vestre Viken helseføretak. Saman har dei gått frå minus 220 millionar i 2011, til pluss 155 millionar i fjor.

Som kjent har Helse Møre og Romsdal gått med underskot i fleire år. Og siste statusrapport viste eit resultat berre for mars på 25 millionar dårlegare enn budsjett.

Etter 5,5 år på Ringerike, starta Bleikelia denne veka som sjef på Martina Hansen i Bærum.Romsdals Budstikke fekk ein telefonprat på dag to i ny jobb.

– Korfor er det så vanskeleg å styre økonomien i helsevesenet?

– Det ER vanskeleg å styre sjukehus, men ikkje umogleg. Eg trur kunsten er å få til ekstremt godt samarbeid. Da er det eit vilkår at det ikkje er konfliktar mellom leiinga og tilsette, seier han, og fortel om arbeidet på Ringerike:

– Eg har fått dei tilsette på parti og gitt makta til det yttarste nivået i sjukehussystemet. Da har dei også ansvaret: for inntekter, utgifter, og for tilsettingar. Det skaper motivasjon og optimisme og får økonomien på plass. Så langt har ingen misbrukt tilliten, seier han. Og:

– Dette er ein modell som har fungert, og nå skal eg prøve han på ein ny stad. Skal vi lykkast med nye generasjonar tilsette, må dei leiast og få tillit, ikkje bli sjefa over. Og dei som leiar, må vise seg tilliten verdig.

Problemet er, meiner han: når store system blir styrt frå toppen, blir ansvaret pulverisert.

– Skal eit sjukehus fungere godt, må tilsette og leiing vere ei eining. Ein kan ikkje gjere vedtak utan at dei tilsette er med på det. Det krev veldig mykje haldning og god kultur.

Han syns arbeidet er komplisert, men elskar det:

– Eg gjer det for at pasientane skal få god kvalitet, for å korte ventelistene, og for at nærmiljøet skal vere trygg på at dei har eit godt sjukehus.

Apropos pasientar: Bleikelia prøver kvar dag å ha klart for seg kjernen i helsevesenet: møtet pasient – behandlar. Han ser si oppgåve som å legge til rette for at det møtet skal gå best muleg. Derfor tok han ned dørskiltet sitt med «direktør» på Ringerike sjukehus, og bytta det til «ansvarleg tilretteleggar»

– Sjølv om du har fått gode resultat – er det eigentleg mogleg å styre økonomien i helsevesenet?

– Helseøkonomi er ei av dei største utfordringane i samfunnet, i alle land. Det kjem nye medikament, nye metodar, og nye generasjonar krev meir. Men det nyttar ikkje å berre skulde på dette når det går dårleg med økonomien. Ein må også sjå på korleis ein driv. Ein må få folk på lag og bygge organisasjonen saman. Da får du kvalitet, og kvalitet er avgjerande for å få orden på økonomien. Eg trur ikkje på det motsette: at evig sparefokus gir kvalitet og god økonomi.

– Kor viktig er det at sjukehus har leiarar som er på staden?

– Det er utvikla mange modellar dei siste åra, men det viser seg gong på gong at leiing på staden er nøkkel for å lykkast. Når ein legg ansvaret heilt ut i klinikkane, veit alle kven dei skal ta kontakt med. For å leie, må ein bygge bruer og bruke taktstokk, ikkje sverd.

– Dette er vel på tvers av leiarprinsippa som gjeld for tida?

– Ja, men eg ser ei endring. Professor Bård Kuvaas ved BI Oslo jobbar med leiing basert på tillit. Ein har elska kontroll og administrasjon, og hatt lite fokus på leiing. Eg har jobba hardt med å ha full tiltru til dei eg har rundt meg, og har no i fleire år sett at det har funka. På kunnskapsbaserte arbeidsplassar – og alle andre – liker folk å få tillit. Da kjem motivasjonen, da begynner folk å levere. Og da blir det moro!

Han syns også dette er viktig:

– Som leiar tar du på deg eit ansvar. Men du må innsjå at du berre er eit alminneleg menneske, ein i flokken. Slik bjellesauen er i sin flokk.