Og kven var det eg møtte på ferja i dag?

Du vil ikkje tru det! Anne! Guddommeleg vakre, skjønne Anne. Ho som eg elska. Den uoppnåelege gudinna som i mitt fantasibilde stod som noko av det mest vellukka Vår Herre har skapt. (Dette var medan eg framleis hadde tiltru til den mannen. )

No stod ho der. Nokre år eldre, sjølvsagt. Men det var ho. Med dei same livlige augene, det same smilet, latteren, og dei same vakre trekka. Hårfargen var rett nok vesentleg ljosare, ja, kvitt. Men det var ho.

Anne.

Eg var ikkje åleine om å forgude henne. Ove, Kjetil, Inge Arne, Normann, Otto Terje, Paul og Ivar. Alle var nasegrus forelska og kjempa om hennar gunst.

Visst hadde vi vakre kvinner her på øya, også. Marit, Jenny, Gudbjørg ... ( ha meg orsaka om eg har gløymt nokon), men det var noko eige meg Anne. For i tillegg til det svært vellukka ytre og det varme vesenet,  kom  ho utanfrå. Noko eksotisk, mystisk, framandt. Ho kom frå Harøya.

Anne var lærar på Ona/Husøy skule det året eg byrja på skule. Ho avløyste bartegubben vi her kan kalle Oddland. Han var frå Telemark og var lærar her ute i to år. Ein original i lusekofte, nikkers, beksaumsko og strikkastrømper. Og med tollekniv på hofta. Ein morsking som fekk respekt i kraft av sitt skræmande ytre.

Trass i det likte eg å vere med syster mi på skulen då ho byrja eitt år før meg. Oddland aksepterte at eg var med, berre eg sat stille.  Slik lærte eg det grunnleggjande før eg starta på skulen. Kunne stave meg fram til enkle ord. «Mor, kva betyr effak», spurte eg og peika på boksen på kjøkenbenken med skrift på sida. «Det står ikkje effak, det står kaffe. Du les det baklengs, din tufs», parerte syster mi før mor mi rakk å svare. Ho var mildt sagt grundig lei denne veslebroren som stadig erta henne og som stadig masa seg til å få vere med på skulen og i andre samanhengar der ho helst ville vere i fred. Ikkje rart ho enda opp som spesialist i barne- og ungdomsspskykiatri. Ho måtte vel prøve å finne ut kva som gjekk føre seg i slike små gutehau.

Då eg sjølv skulle byrje på skulen på rett, kom altså Anne. Og vart forguda frå første time. På ymse vis prøvde vi å innynde oss hjå henne. Kompisen min Kjetil og eg fann ut at ho kanskje ville ha ein katt til bu hjå seg i den kalde lærarbustaden. Kattungar var det nok av, så vi plukka ut den vi syntes såg penast ut og bar inn til Anne i lærarbustaden. Ho tok i mot med eit smil, og så vidt eg hugsar vart katten buande hjå Anne det året ho var her.

Inge Arne hadde tidvis med seg drops på skulen. Denne dagen hadde han med ein pose peppermynte, slike runde med tekst på. Mynte med prat på, kalla vi det. Inge Arne ville gjerne spandere ein på Anne, men hadde ikkje heilt mot til å gje henne sjølv. Så han fiska opp ein frå posen og gav meg, så eg kunne gje den til henne. Eg knuga dropsen lenge i handa, men motet svikta også meg, så eg ga den vidare til Kjetil. Slik gjekk den frå guteneve til guteneve heilt til Otto Terje endeleg tok mot til seg og gav den til gudinna. Litt mørkare var den blitt, litt klissete og «I LOVE YOU» kunne ikkje lenger lesast. Men Anne tok i mot med uforfalska takksemd, og la  den til sides på kateteret.

Andre året på skulen var det slutt på idyllen. Anne hadde reist vidare, Oddland var komen attende. Endå raudare i den store barten, endå morskare enn sist. At det var bråsinne i han fekk to unggutar frå Ona erfare då dei ein sein haustkveld heldt leven utanfor lærarbustaden. Plutseleg kom bartegubben fykande ut og opp mot haugen der dei gøymde seg i kveldsmørkret. Men det han ikkje visste var at haugen var nesten delt av eit djupt juv. Med hovudet først styrta han utfor, og stille vart det. Lækjar vart tilkalla, kallen vart frakta til sjukehus i byen og sydd og plastra. Vi fekk sjølvaste skuleinspektør Garnes, seinare frøken Strand som vikarar nokre veker, til bartegubben ein dag var attende i klasserommet. Med eit digert, raudt arr midt i panna og meir grinete enn nokon sinne. Vi ungane hadde sjølvsagt høyrd kva som hadde skjedd, og stirra storøygd på det raude arret. Eg må nok ha stirra ekstra utilsløra, for plutsleg ein dag skrevar han seg ned til pulten min, dreg den digre tollekniven frå hofta, held den med spissen mot panna mi og freser: «Vil du ha eit slikt arr i panna du også, kanskje?»

Det vart slutt på stirringa. Vi torte ikkje anna.  Om dei vaksne fekk høyre om hendinga veit eg ikkje, men Oddland fekk halde fram  ut skuleåret. Etter det er det ingen som har høyrt frå han.

Dei to første skuleåra var i sanning tid for dei store kjenslene. 57 år gamle minner og kjensler som blir vekt til live av ei 76 år gamal dame som står framfor meg og seier: «Næmenn! E 'kje det nå Svein?»