Eide / Fræna: Dei ni i gruppa presiserer at arbeidet er i starten og at andre av dei innkomne forslaga kan kome inn frå sida.

Men dei har ikkje meir enn tida og vegen. Det nye namnet må, ifølgje ass. fylkesmann Rigmor Brøste, vere klart til kongeleg resolusjon etter stortingsbehandlinga 8. juni.

Mange forslag

Innan fristen 1. april kom det inn 169 forslag. Enkeltpersonar og skuleklassar har teke del i dugnaden, og kreativiteten har vore stor, ifølgje frænaordførar Tove Henøen, som er leiar for namne- og våpengruppa.

– Det hastar mest med å finne namnet. Kommunevåpenet har vi meir tid på, seier ho til Romsdals Budstikke.

Fleire har grunngitt forslaga sin grundig. Nokre svært sakleg, andre mindre sakleg.

Prosessen vidare

Arbeidsgruppa har enno ikkje klart for seg korleis prosessen blir med å fastsette det nye namnet. Tysdag gjorde dei ei grovsortering og merka seg fem forslag som så langt er ekstra interessante: Freneid, Freineide, Hustadvika, Stemstind , Vågeide.

Sju til er med på grovlista. Desse er rangert hakket lågare: Bud, Eide, Fræna, Fræneide, Hustad, Hustadvik, Møre .

– Korleis skal de finne rette namnet?

– Det vil avklare seg i prosessen vidare – om vi sit att med eitt eller fleire forslag når alle har smakt litt på alternativa og faglege vurderingar ligg føre. Neste møte i arbeidsgruppa blir 20. april på Eide, og vi har også eit møte 2. mai i Elnesvågen, seier Henøen.

I tillegg skal namnejakta opp som orienteringssak i interimsfellesnemnda 18. april.

Ungdomsråda er med

Ungdomsråda i Eide og Fræna skal ha saka oppe i sine førstkomande møte. Begge råda har ein representant med i arbeidsgruppa.

«Fleire vegar til Rom»

Namnekåringa kan kome til å skje på ulike vis alt etter kva resultat som kjem ut av arbeidet vidare. Det kan bli snakk om ei opinionsgransking dersom ein står att med fleire aktuelle namn. Arbeidsgruppa kan instille på eitt alternativ, og det er interimsfellesnemnda som skal vedta det nye kommunenamnet.

Interimsfellesnemnda har møte 23. mai og 13. juni. Ein av desse datoane vil etter alt å døme det nye kommunenamnet bli klart.