Lovar god helsereform

Kommunalminister Liv Signe Navarsete har store forventningar til samhandlingsreforma. Ho åtvarar samstundes mot sektortenking og stivbeint byråkrati.

– Samhandlingsreforma handlar om pasienten, pasienten skal alltid stå i sentrum. Bygg ned barrierar, senk skuldrene og snakk saman, var oppmodinga frå Liv Signe Navarsete då ho møtte lokalpolitikarar, helsebyråkratar og helsearbeidarar i Averøy i går.

Det er no under ei veke til kommunane skal ha skrive under på samarbeidsavtalen med helseføretaket, hittil har ingen kommunar i Møre og Romsdal gjort dette. Bakgrunnen er usemje om regelverket for melding om utskriving av pasientar frå sjukehusa til kommunane. Her kom departementet med ei avklaring like før helga, der dei gir grønt lys for at kommunane og helseføretaka kan forhandle om dette og finne lokale løysingar.

– Saka om varsling er eit døme på rusk i maskineriet. Rusk i maskineriet skal ikkje øydelegge ei så viktig reform som dette. Eg ser no denne konflikten som avslutta, seier Liv Signe Navarsete.

Pengar og prinsipp

Saka handlar om når sjukehusa kan varsle om utskriving av pasientar. Kommunane krev at dette skal skje mellom klokka åtte og femten på kvardagar, slik at dei kan vere i stand til å ta imot pasientar utan å måtte bemanne opp med ekstravakter på kveldstid og i helgane. I morgon er det møte om denne saka i Møre og Romsdal. Styreleiar John Harry Kvalshaug i Helse Møre og Romsdal reknar med at dette no vil ordne seg slik at avtalen kan vere signert den 1. februar.

– Det er viktig at ikkje pasientane blitt dregne inn i konfliktar mellom kommunane og staten, understreka John Harry Kvalshaug. På dette får han full støtte frå Liv Signe Navarsete.

Navarsete som premie

Kommunalministeren kom til Averøy som premie. Ordførar Ann-Kristin Sørvik i Averøy vann premien; besøk av kommunalministeren, på landsmøtet til partiet.

Navarsete er imponert over arbeidet ei gruppe nordmørskommunar, der blant andre Gjemnes og Averøy er med, har lagt ned i forkant av reforma. Rådmann Olaug Kadio fortalde om opplegget med førebygging av innlegging og mottak av pasientar som er utskrivingsklare. Dagen før var ei avdeling for førebygging og rehabilitering etablert i Averøy.

Deling av oppgåver

Kommunar som ikkje gjer jobben og tar mot utskrivingsklare pasientar, må betale 4.000 kroner per døgn til helseføretaket. Målet til Helse Møre og Romsdal er at kommunane skal klare å ta imot 88 prosent av utskrivingsklare pasientar når kommunen blir varsla. John Harry Kvalshaug åtvara mot byråkratisering av oppgjersforma mellom kommunane og helseføretaka.

– Gode varslingsrutinar er viktig for alle. Om 4.000 kroner døgnet er for mykje eller for lite, veit vi ikkje enno. Det er mindre enn prisen per natt på sjukehus, men meir enn kostnaden for ei natt på sjukeheim. Dette må evaluerast, sa Navarsete. Ho innser at reforma fører med seg store utfordringar både når det gjeld økonomi og personal.

Treng meir folk

– Kommunane treng både pengar og meir fagfolk. Eg trur at omlegginga vil gjere det meir attaktivt for helsepersonell å jobbe i kommunane. Kommunane må evne å bygge opp den kompetansen som trengst. Samhandlingsreformen er ikkje ei reform for å slå saman kommunar, men den vil nok føre til tettare samarbeid mellom kommunar. Det er bra, slik vi ser det her i Averøy, seier Liv Signe Navarsete til Romsdals Budstikke.

Mer å lese på Rbnett:
 
Leses nå
 
Nyheter

Nyrektoren vil fusjonere med NTNU

Rektoren klar for å fusjonere hvis Høgskolen i Molde kommer styrket ut.

– Vi skal følge studentene tettere opp

Onsdag startet er nytt studieår ved Høgskolen i Molde.

Ber staten ta regninga

Odd Helge Gangstad mener det er statlig oppgave å bygge ferjefri E39.

Mangler fortsatt pasientinfo

– Pasientsikkerheten er viktig, penger er ikke viktigst, sier ordfører Torgeir Dahl.

LISTETOPPEN

Nordmørslista vil bytte benk

Steinar Wiik Sørvik har to sjukehus og Romsdalsaksen som kampsaker.

Det fylles opp på Rådhusplassen

Gratis konsert for studenter og byens befolkning.

Treneren hyller Anniken:

- Herregud, for en spiller!

Håndballjentenes playmaker imponerte da MHK slo dansk eliteserielag.