Ferja Tresfjord måtte laurdag ettermiddag stoppe for å unngå kollisjon med eit skip frå Kystverket.
Endret: 11.08.2010 kl. 15:32
Forskrekka ferjepassasjerar opplevde at ferja kraftig måtte manøvrere unna for å unnga kollisjon med skipet, på avgangen frå Molde 1330.
Skipper Norleif Husøy på Tresfjord stadfester at ferja kom på kollisjonskurs da skipet frå Kystverket plutseleg skifta kurs, men meiner likevel ikkje at det var nokon dramatisk situasjon.
- Hadde vi ikkje gjort noko, så hadde det vel blitt ein smell. Så vi stoppa; med den låge farten vi hadde på veg ut ved Reknesmoloen, så var det ikkje problematisk, seier Husøy.
Skipet hadde vikeplikt, og skipper Husøy forklarer at det først kom feil, så
kryssa leia si, skifta side og "tok ein runde".
- Vi veit ikkje korfor dei manøvrerte slik, men det er no slikt som skjer av
og til, seier Husøy.
Han ser ikkje for seg at saka får noko etterspel.
