Møreaksen er blitt anbefalt av dei beste, kompetente og anerkjente fagmiljøa som finnes innan samferdsel i Norge. I tillegg har prosjektet slik overordna myndigheter krever, kvalitetssikra alle områder som det er ufravikelige krav om å utføre.

Følgjande fakta er udiskutabel, sjølv om enkelte ikkje vil vedkjenne seg realitetene: Alle større samferdselsprosjekt, som for eksempel Møreaksen, tek det nesten utan unntak fleire titalls år for å bli prioritert og godkjent av aktuelle fagetater, for deretter å bli vedtatt av regjering og storting. Og dermed bli plassert og få prioritet i norsk transportplan (NTP), i dette tilfelle for Møreaksen 2017-2029.

Alle vedtak og prioriteringene som er beslutta gjennomført om Møreaksen. Er blitt utført med demokratisk behandling, det gjelder også høringer, prosessar og krav til utredninger, planverk konsekvensutredninger og vedtak av enkeltkommuner lokalt og regionalt. Fylkestinget i Møre og Romsdal har som kjent gjort samrøystes vedtak om Møreaksen. Og fylkestinget sette fornuftig nok krav i vedtaket til Samferdselsdepartementet, om snarlige vedtak om traseval. Noko departementet har etterkomme slik fylkestinget i Møre og Romsdal krevde.

Når Møreaksen no er på oppløpssida som prosjekt, og klokka er fem på tolv for oppstart og gjennomføring, er det bemerkelsesverdig, men ikkje heilt uventa når enkeltpersonar, politikere og grupperinger igjen vil ha omkamp om det vedtekne og ønska samferdselsprosjektet Møreaksen.

I Møre og Romsdal har det omtrent alltid dukka opp grupperinger, enkelte politikere og andre som har kommet på banen og ville ha prosjekt stoppa eller utsett når store og viktige samferdselsprosjekt som for eksempel Atlanterhavsveien, Eikesundsambandet og Nordøyvegen har nærma seg prioritering og vedtak. Heldigvis lukkast dei ikkje med sine ønske, og mange av desse personane stiller no i etterkant gladelig opp for å bli fotografert framføre desse prosjekta som dei i utgangspunktet ikkje ønska skulle komme.

Viss vi tek for oss prosjekta som Krifast, Atlanterhavsveien, Eikesundsambandet, Kvisvegen og Nordøyvegen, har ingen av desse prosjekta vorte planlagt og klarlagt til realisering på under tredve år.

Når Møreaksen no nærmar seg ein mulig igangsetting og realisering kan ein ikkje godta eller akseptere dei som på nytt samlar seg utanom banen med roping og krav om nye omkampar. Derfor er det grunn til å presisere følgjande. Frå første dag for mange, mange år sidan då Møreaksen prosjektet kom på banen, har spelereglar, involvering og behandling blitt gjennomført etter grunnleggjande demokratiske prinsipp.

Derfor bør innbyggarane i regionen og fylket med eit aktivt og allsidig næringsliv kunne kreve gode og framtidsretta samferdselstiltak gjennomført som vedtatt , snarast råd. Det vil ein kunne oppnå med å følge alle anbefalingene og dei mange politiske vedtaka som Møreaksen er tufta på.

Bernhard Riksfjord, ordfører Aukra kommune

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook