MOLDE: Elias Aarø og hans gruppe arrangerte fotballkamp på Reknesbanen, og sjekka etter kampslutt kor mykje granulat som følgde med spelarane av banen. Dei 14 som hadde vore på banen, stilte etter kampen i kø og børsta av skoa på ein stor kvit handduk. Det blei 55 ml med granulat, oppsummerte Elias etter å ha målt opp granulata tilbake på skulen.

Oppdrag granulat

– Vårt oppdrag er å finne ut av kor mykje granulat ein dreg med seg frå banen. Vi skal også sjå på mulege løysingar for å hindre at granulat forsvinn vekk frå banen, forklarer Sara Sandhaug og Ida Hasselgård.

– Det er jo eit stort problem at granulat hamnar utanfor banen, og etter kvart hamnar i havet. Så det er eit problem ein absolutt burde ta tak i, seier Sara og Ida, som begge spelar fotball sjølv, og er godt kjende med at mengdeer med granulat følgjer med og ligg igjen i bilen og i gangen heime.

– Kan stoppast

– Vi tenker at det burde vore laga eit system som siler smeltande snø som er brøyta av banen og inneheld mykje granular. Det ville stoppe granulata frå å renne vidare, og ein kan ta det tilbake på bana. Klubbane kunne også innføre rutinar med at folk skal koste av seg når dei forlèt banen. Det er mykje ein kan gjere, men folk må gidde!

Presentasjon av funn

10.-klassingane frå Bekkevoll jobbar denne veka med prosjektet «Bærekraftig utvikling», der dei gruppevis løyser oppdrag. Fredag skal alle samlast, og gruppene presenterer sine funn og konkurrere om prisar for jobben dei har gjort.

I forkant

– Prosjektjobbinga med tema berekraftig utvikling er lagt opp etter den nye læreplanen som kjem i 2020. Vi ønsker å vere i forkant, og har søkt midlar til dette via «Den naturlige skolesekken» fortel lærar Helene Reite på Bekkevoll. Ho og kollega Asta Hoem koordinerer prosjektet, og har laga oppdraga. Desse har ulike tema om plastproblem, avfall, gjenbruk og matsvinn.

Kasta frå butikk

Sofie Rakvåg Roald og hennar gruppe har fått oppdraget «Søppel for deg – gull for meg», inkludert «Dumpster Diving», søk etter mat i butikkars avfallsdunkar. Gruppa fekk ordna ein «avtalt versjon», med besøk hos Rema Fuglset for å sjekke kva som hamna i butikkens søppel.

Undersøker matsvinn

– Oj, dette smakar jo heilt fint! slår elevar fast. Bakarvarene dei får smake på, er gårsdagens bakst og tatt ut av butikken. Det er sett ut til henting, og skal vidare til dyrefôr.

– Bakarvarer, frukt og grønt er varetypar med stort svinn. Forbrukarar er kresne, forklarer butikksjef Terje Bordal, som viser rundt, og gir elevane smaksprøver på svinnvarer.

Må kaste

Han viser fram varer som er sett ned til halv pris på grunn av dato, og varer som må ut på grunn av feil på pakning.

– Kvar veke må vi kaste om lag 500 kilo mat, det er ille – og dyrt for oss. Vi har kutta svinn, og håpet å få det enda lågare. Men da må kundane vere litt på lag, og til dømes akseptere at ikkje alle grønsaker ser perfekte ut – dei smaker jo like godt! seier Bordal. Og legg til at han har trua på ungdommen:

– De er flinkare enn min generasjon, som ofte er sløsete typar, seier butikksjefen.

Overraska

– Det var overraskande kor mykje frukt som blir kasta. Den er jo god, sjølv om det er ein liten flekk. Men det er vel slik at vi ofte ikkje tenker så mykje på dette – no har vi fått langt betre innsyn i dette, oppsummerte gruppa.

Fredag viser dei film frå butikkbesøket for dei andre elevane.