EIDSVÅG / NESSET: Assisterande banksjef Jan-Børge Silseth seier seg godt fornøgd med programmet for årets konferanse, som vert arrangert i Eidsvåg 26. april.

Blanda program

Tema i år er fokus på framtida, lokal og internasjonal satsing, samanslåing av kommunar, og framtidas pensjonsordning og lokalbank.

Hareide kjem

Åge Hareide, landslagstrenar Danmark, er oppført med tittelen «Dejlig å være Norsk i Danmark».

– Åge Hareide er vårt største trekkplaster denne gongen, han sa straks ja til å stille. Dette blir veldig interessant, seier Silseth.

– Men ikkje så lokalt, kanskje, ut frå tittelen?

– Sei ikkje det! Han tek utgangspunkt i at det er fint å vere norsk i Danmark, men tek så utgangspunkt i kva som skal til for å lykkast. Dermed vil dette også kunne relaterast og få ein link også til både det lokale og det regionale, seier Silseth.

Internasjonalt

Han poengterer at det vert ein miks av lokalt og internasjonalt.

– Det er veldig kjekt å ha med Birger Holo frå Glamox, som skal snakke om internasjonal satsing med lokalt utgangspunkt. Vi er heldige som har ei slik bedrift i vårt område, seier Silseth.

Lokalt

Med utgangspunkt i lokale forhold, stiller moldeordførar Torgeir Dahl. Han har samanslåing av kommunane Molde, Nesset og Midsund som tema.

– Fusjon av kommunane er like framom oss. Det vil få betyding at det no blir ein større kommune – dette vil det vere nyttig og interessant for næringslivet å få høyre meir om.

Framtidsperspektiv

Romsdalsbanken er med i Eika Gruppen, og har med på programmet konsernsjef Hege Toft Karlsen.

– Ho vil snakke om framtidas lokalbank. Dette er eit tema som er har betydning for næringsutvikling, poengterer Silseth.

Også Christian Vestengen, frå Danica har framtidsperspektiv; han skal snakke om framtidas pensjonsordningar.

– Her er det jo store endringar på gang. Eg trur både tilsette og bedrifter manglar oversikt på dette området, så det vert nok nyttig, kommenterer Silseth.

Kultur og ærespris

Odd Arne Halås frå Eide skal vere konferansier.

Det blir dessutan kulturinnslag ved André Gussiås og Anne Lise Gjelsten.

– Og ikkje minst vert det utdeling av Romsdalsbankens Ærespris Nesset, og også i år eit flott tapasbord i regi av Bunnpris i Eidsvåg, lovar Silseth.

Pris for deltaking på konferansen er 750 kroner.

Konsernsjef i Eika Gruppen. Hege Toft Karlsen. Foto: EIKA GRUPPEN
Jan-Børge Silseth, Romsdalsbanken. Foto: Egil H Torvik