Ordninga er eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunane, og alle fylkeskommunane er inviterte av Utdanningsdirektoratet til å delta i ordninga, heiter det i ein uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mobbeombodet skal følge barn og unge i heile utdanningsløpet frå barnehage og grunnskole til og med vidaregåande opplæring. Utdanningsdirektoratet tilrår at mobbeomboda organisatorisk blir plassert på stabsnivå i fylkeskommunane, mellom anna for å etablere eit tett samarbeid med elev- og lærlingomboda. Møre og Romsdal har hatt elev- og lærligombod sidan 2006.

Mobbeombodet vil ha følgande oppgåver:

•Støtte og rettleie barn, elevar og foreldre i saker om psykososialt miljø

•Jobbe førebyggande med informasjon og opplæring til barn, elevar og foreldre

•Skape dialog og bidra til god tverrfagleg oppfølging etter at saker er handtert

•Bidra til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt

•Støtte elev- og lærlingombodet i arbeid med psykososialt miljø

Det er fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik som har lagt fram forslag om å opprette eit mobbeombod i Møre og Romsdal.

Saka skal opp til behandling i utdanningsutvalet torsdag 22. mars.

Saka vil deretter bli behandla i fylkesutvalet måndag 9. april. Oppstart er planlagt til 1. august 2018, og ordninga vil bli evaluert ved utgangen av 2019. Så langt har ungdomspanelet i Møre og Romsdal vedtatt ei positiv støtte til å opprette mobbeombod i Møre og Romsdal.