– Kjempebra at det er gjort vedtak som inneber at det blir bestilt rapport om tilstand for Midsund-brua. Men kor tid skjer det noko? spør Eirin Rakvåg Hole, talskvinne for aksjonsgruppa som krev gangveg over brua.

Frustrasjon

Barnefamiliar som bur like ved brua på Midøya-sida, er svært frustrerte over forholda på brua, som dei karakteriserer som livsfarleg for mjuke trafikantar. Sjølv om det berre er knappe 400 meter over, vil ikkje foreldra sleppe barna sine åleine over den smale og uoversiktlege brua.

– Tatt på alvor

Rakvåg Hole synest det er oppløftande at det vert prioritert midlar så ein no får kartlagt brua grundig, men kjenner seg ikkje trygg på at det betyr at ei løysing er nært føreståande.

– Vi opplever at vi er sett, og at problemet er teke på alvor av politikarane våre. Det er bra, men det er ikkje nok. No må det resultere i at noko vert gjort, seier Rakvåg Hole.

Utolmodig

Ho poengterer at i nabolaget like ved brua, er det svært mange barn i alderen 0–10 år.

– Vi har bruk for gangvegen straks – eigentleg burde den ha vore på plass «i går». Behovet for trygge forhold er berre aukande, etter kvart som desse barna vert større, seier ho.

– Men utan plass på fylkets prioriteringsliste vil det mest sannsynleg ta ein del tid?

– Dette kan ikkje vente lenger. For oss er det ikkje akseptabelt å fortsette å vente i årevis på at ei løysing skal komme på plass, seier Rakvåg Hole.

Midlertidig løysing?

Ho held fram at om det ikkje er råd å få til ei fullgod løysing med gangbru raskt, må det i det minste ordnast med ei midlertidig løysing.

– Da må det undersøkast alternativ. Kanskje ei eller anna form for lysregulering kan vere ei løysing, der vi trykker på ein knapp når vi skal over. Slik det er no, kan vi i alle fall ikkje ha det, seier Rakvåg Hole.