Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i pressemelding om årets søking til vidaregåande skoler.

Då søkefristen gjekk ut 1. mars, hadde 3459 ungdomar søkt skoleplass for 2018/2019. Det er 175 færre enn i fjor. Mindre årskull og færre elevar som gjer omval, er hovudgrunnane til nedgangen.

Helse, oppvekst mest populært

Naturbruk er framleis populært og auka med nær 25 pst. Men nedgangen i søkinga til restaurant og matfag held fram.

– Det er kritisk for faget at berre 82 søkarar har dette utdanningsprogrammet som primærønske. Nedgangen er på 17 prosent, skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.

I romsdalsregionen er det Rauma og Fræna som har vgs-linje med restaurant og matfag.

Yrkesfaga har også svakare søking til vg1 design og håndverk, men elles held yrkesfaga seg stabile.

Ned for medier og handverk

– Det er også svak søking til Vg1 medier og kommunikasjon, som går ned med 25 prosent, seier Geir Løkhaug, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Design og handverk har 73 primærsøkarar, det er ein nedgang på nesten 9 prosent. Desse to programma hadde den største nedgangen i 2017.

Færre vil ta studieførebuande

Til dei studieførebuande utdanningsprogramma er søkinga svakare enn i fjor. Dei ordinære studiespesialiserande tilboda har ein nedgang på om lag 10 prosent.

Færre til idrett, musikk og drama

Faga idrettsfag og musikk, dans og drama som i fjor opplevde ein auke, opplever i år ein nedgang i søkartala.

Nedgangen er nær 16 prosent til idrettsfag og nesten 14 prosent til musikk, dans og drama. Søkinga til Vg1 kunst, design og arkitektur går litt fram, men søkartala her er framleis låge.

Elektro populært

Eit populært fag som elektro har 5 prosent færre søkarar i år.

– Så er det gledelig å sjå at helse – og oppvekstfag framleis er populært, med ein auke på ca. 4 prosent. Dette faget har størst søking, seier Løkhaug.

TIP har snudd trenden

Etter ein klar tilbakegang i søkinga til teknikk og industriell produksjon (TIP) i fjor, er søkinga her betre i år. Om lag 9 prosent fleire søkjer TIP i år.

– Kanskje viser desse tala at elevane opplever at dei verste vanskane innanfor industri- og verftsnæringa er over, seier Løkhaug i pressemeldinga.

Utfordring å få nok læreplassar

Talet på søkarar til læreplass er auka til 1282, 59 fleire enn i fjor. Det er små forskjellar i talet på søkarar til dei ulike faga.

– Vi ser ein liten nedgang i industrifaga som industrimekanikarfaget og sveisefaget. Maritime fag held seg stabilt, men vi ser ein liten nedgang i elektrikarfaget, seier Løkhaug.

Fleire til helsearbeid og barn

Faga helsearbeidar og barne- og ungdomsarbeidar aukar.

– Vi vil også i år mobilisere for å få fleire læreplassar. Vi vonar at særleg kommunar ser verdien og nytta av å ta inn lærlingar, særleg i faga helsearbeidar og barne- og ungdomsarbeidar. Lærlingar er ein verdifull ressurs som vi må sjå potensiale i, seier Løkhaug.

Unge vel tradisjonelt

Det er ikkje store endringar i fordelinga studieførebuande – yrkesfag. Ungdom vel framleis tradisjonelt: Gutar søker elektrofag, bygg og anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon. Jentene søker design og handverk, kunst, design og arkitektur, musikk, dans og drama, og helse- og oppvekstfag. Fleire jenter enn gutar søker studiespesialisering.