Fylkesmannen vil ikkje ha veg i dagen gjennom friluftsområdet Svartløken, skriv Sunnmørsposten. Høyringsfristen i saka går ut i dag.

I hovudtrekk meiner Fylkesmannen at influensområdet for alternativ K3.1 og K3.2 gjennom Svartløken er avgrensa for knapt i Vegvesenet si utgreiing, og at konflikta for natur- og friluftslivsverdiar er større enn det som går fram her, heiter det i høyringssvaret.

- Vi rår derfor sterkt i frå ei løysing med veg i dagen slik alle K3 alternativa legg opp til i ulik grad i Fylling/Svartløkenområdet. Konfliktane er her så store at vi varslar motsegn til ein framtidig planprosess som legg opp til utbygging av desse vegtraseane, skriv fylkesmannen.

Høyringssvaret frå fylkesmannen vart sendt i dag.

- Vidare vurderer vi alternativ K2.0 og K2.1 over Ørskogfjellet som mindre problematisk enn framstilt. Ei utviding av eksisterande veg vil ikkje påverke dei største verdiane i naturreservata. Ved K2.1 vil det vere meir konfliktfylt med ei utviding av vegen mot Nysætervatnet, framfor ei utviding inn i Måslia naturreservat.

90- eller 110-sone

Eit spørsmål vil vere om eit slikt val blir til hinder dersom det i framtida skal byggjast firefelts veg med 110-sone. Fylkesmannen rår i alle fall til at vidare planlegging av ny E39 Digernes-Vik legg H5-standard til grunn (midtdelar og 90-sone).

Fylkesmannen peikar særleg på Solnørdalen og konsekvensar her for friluftsliv, landskap og landbruk, i tillegg til naturmangfald.

- Sett i lys av naturverdiane som finst i Solnørdalen stiller vi spørsmål ved Statens vegvesen si vurdering av at verdien for naturmangfald blir sett til middels. Fylkesmannen vurderer denne til å vere stor. Vi ser at konfliktpotensialet mot vassdrag, viktige naturtypar og truga artar vil avhenge av val av løysning for kryssing av elva. Her vil H5-standard gje større fleksibilitet for justeringar enn H8 (firefelts motorveg, journ. anm.), skriv fylkesmannen om Solnørdalen.

Så langt Sunnmørsten kjenner til er det to instansar, Statens vegvesen og NHO Møre og Romsdal, som anbefaler E39 gjennom Svartløken. Alle kommunar på nordre Sunnmøre anbefaler Ørskogfjellet, det same gjer fylkeskommunen.