I 2015 kom Vestnes kommune ut med eit resultat på minus 4,9 millionar kroner. Året etter var dette snudd til pluss 1,5 millionar kroner, i fjor vart dette ytterlegare styrka.

Torsdag vart kommunestyret orientert om resultatet for drifta av Vestnes kommune i 2017. Kommunalsjef Magne Værholm rosa dei ulike etatane for god budsjettdisiplin.

Rekneskapen viser at Vestnes kommune hadde utgifter på litt over ein halv milliard kroner i 2017. Av dette står helse og omsorg, bu og habilitering for halvparten. Skulesektoren brukte 82 millionar, barnehage 41 millionar kroner.

Skatteinntektene i Vestnes auka med 2,3 prosent frå 2016 til 2017, dette er godt under landsgjennomsnittet på 4.5 prosent.