Møre og Romsdal Venstre

Ny Venstre-leiar

Nyheter

Møre og Romsdal Venstre har hatt årsmøte i Kristiansund i helga. Der vart det valt ny leiar og nytt styre, opplyser partiet i ei pressemelding.

Britt Giske Andersen er ny fylkesleiar i Møre  og Romsdal Venstre. Ilag med seg har ho fått med seg Toivo Brennløkken og Tove Rokstad som nestleiarar.

Med i fylkesstyret er også Rita Rognskog og Kristian Stråmyr.

Årsmøtet vedtok fem resolusjonar, mellom anna "Nei til deponi av farleg uorganisk avfall ved Raudsand Gruver".