Helse Møre og Romsdal har fått ny HR-sjef – det som tidlegare vart kalla personalsjef. Ho heiter Nina Cathrin Garshol, og har stillinga som personaldirektør ved Høgskulen i Volda fram til 1. mai.

Garshol er psykolog og har vore tilsett som personaldirektør ved Høgskulen i Volda sidan 2012. Det skriv høgskulen i eit nyhendebrev.

Medan høgskulen har nær 4200 studentar, blir Garshol no HR-sjef i Helse Møre og Romsdal der ho får personalansvar for 24 medarbeidarar i HR-seksjonen. Ragnhild Remøy er HR-direktør - med ansvar for 6.600 tilsette i Helse Møre og Romsdal (HMR).

HMR leverer tenester til om lag 264.000 innbyggarar i fylket. Verksemda er fordelt mellom Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus og fleire mindre institusjonar, skriv føretaket på sine nettsider.

--

I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv vi at Garshol får ansvar for 6600 tilsette, men dette ansvaret er det framleis HR-direktøren som har.