Torsdag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune kontrakten med Fjord 1 ASA for drift av dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre i elleve år, med oppstart 1. januar 2020. Kontraktssummen er på 1,884 milliardar kroner.

– Det vil det bli eit endå betre ferjetilbod for trafikantane på Nordmøre, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik  i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune torsdag.

Administrerande direktør i Fjord 1 ASA, Dagfinn Neteland, seier at dei er veldig fornøgde med å vinne fram i konkurransen.

– Dette er ein stor og viktig kontrakt for Fjord1, der vi vinn fram med nye og svært miljøvennlege fartøy. Noko som stadfestar at vi er leiande i vår næring innanfor «det grønne skifte», seier Neteland.

Det blir lagt til rette for ei sjølvbetent kioskløysing på dei fire sambanda, skriv Fjord 1 i si pressemelding.

Fem nye ferjer

Det er stilt strenge miljøkrav i kontrakten. På sambanda Edøya-Sandvika, Seivika-Tømmervåg og Kvanne-Rykkjem skal Fjord1 bruke plug-in elektriske ferjer. Dette vil medføre at utsleppa frå fylkesvegferjedrifta på Nordmøre blir redusert frå om lag 9 450 tonn CO2 årleg, til om lag 2 312 tonn årleg, ifølgje pressemeldinga.

Fjord1 skal levere fem heilt nye fartøy. Tre av fartøya vil ha ein storleik på 50 personbileinigar (PBE) og to fartøy med ein storleik på 80 PBE. Det er stilt strenge krav til fartøya mellom anna med omsyn til universell utforming. Fjord1 planlegg at alle dei nye ferjene blir sett inn frå oppstarten av den nye kontrakten, heiter det.

Betre rutetilbod

Det blir også eit forbetra rutetilbod i pakken, med to-ferjeløysing på Edøya-Sandvika. Det blir 13 fleire rundturar på kvardag på dette sambandet, og 16 fleire rundturar på helg. På Seivika-Tømmervåg blir det to-ferjeløysing også på laurdag med to timar lengre opningstid. Det blir 25 fleire rundturar på helg i dette sambandet. På Kvanne-Rykkjem blir det også auka opningstid og fleire avgangar.