Største kontrakt innan vegbygging i Møre og Romsdal nokon sinne

No startar kampen om å få bygge Nordøyvegen

Statens vegvesen legg hovudkontrakten for Nordøyvegen ut på anbod. Denne inneheld all bygginga på prosjektet.
Nyheter

(Sunnmørsposten): Kontrakten blir den største innan vegbygging i Møre og Romsdal nokon sinne. På vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune ber Statens vegvesen om at entreprenørar leverer tilbod på bygging av følgande:

  • Lepsøybrua, ei 800 meter lang høgbru frå fastlandet, over skipsleia og på sjøfylling inn mot Lauka og Hestøya. Brua blir lyst ut i to hovudalternativ: Betongbru med fritt-frambygg, og betongbru med stålkasse i overbygninga.
  • Laukebrua, ei 109 meter lang betongplatebru i tre spenn.
  • Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter lang betongplatebru i sju spenn.
  • Haramsfjordtunnelen, 3500 meter undersjøisk tunnel. Djupaste punkt 112 meter under havoverflata.
  • Ein permanent demning med tetting av asfaltkjerne for å stenge sjøen ute frå tunnelen på Hestøya.
  • Nogvafjordtunnelen, 5730 meter undersjøisk tunnel. Djupaste punkt 135 meter under havoverflata.
  • Fjørtofttunnelen, 3680 meter undersjøisk tunnel. Djupaste punkt 118 meter under havoverflata.
  • Burbergtunnelen, 170 meter lang miljøtunnel på Fjørtofta. Tunnel både i berg og betong.
  • 2735 meter veg på sjøfylling over Lepsøyrevet.
  • 10 000 meter veg i dagen utanom sjøfylling.
  • Trekkerør og førebuingar for elektroarbeid på heile prosjektet.

Frist for å levere tilbod er 7. mai 2018.

Planen er anleggstart i september/oktober 2018. Kostnaden for hovudkontrakten for Nordøyvegen er to milliardar kroner eks. mva, men det er ei usikkerheit på ti prosent.

Det fører til at Statens vegvesen vurderer at kontrakten ligg mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner, eks. mva.

Denna saka var først publisert på smp.no