(Smp.no) I tillegg til souvernirar som viser at han har vore i Norge, Sverige og Danmark, hadde sjåføren eit kosedyr hengande i frontruta. Første gong ein sjåfør blir stoppa med gjenstandar i siktsona, må frontruta ryddast før bilen kan rulle vidare. For denne sjåføren var det ikkje første gong. Derfor er han no politimeldt.

28 køyretøy vart kontrollert då Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs i Hornindal i dag.

– Statens vegvesen skal legge til rette for at ferdsel på veg kan skje i et effektivt vegsystem utan at trafikantar mister livet eller blir hardt skadd, seier Svein Arne Henjesand i Vegvesenet i Nordfjord.

Fire sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta før dei fekk køyre vidare. Ein bil hadde last som stakk to meter bak køyretøyet utan at lasta var tilstrekkeleg merka. Og ein sjåfør måtte sikre lasta betre før han fekk køyre vidare.

Det vart også gitt åtvaring for det Vegvesenet kallar eit mindre brot på køyre- og kviletid.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.