(Sunnmørsposten): Fjord1 er tildelt kontrakta for ferjesambanda Edøya – Sandvika, Arasvika – Hennset, Seivika – Tømmervåg og Kvanne – Rykkjem av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Verdien på avtalen er 1,88 milliardar kroner og startar opp i 2020. Fjord1 hadde den lågaste prisen og samstundes full skår på miljøpoeng, ifølgje ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Det vil bli nytta fem ferjer som skal kutte CO2-utsleppa på ferjesambanda med opptil 75 prosent takka vere fartøya som blir omtala som «plug-in elektriske ferjer med ein høg hybridiseringsgrad».

Før dei nye kontraktane startar skal også ferjekaiene utbetrast i regi av fylkeskommunen.

Denne saka var først publisert på smp.no