Det er sjeldan ein prisjury får så stort og allsidig grunnlag for ei pristildeling som i Leivdal sitt tilfelle. Det er berre å gå i gang med juryen si grunngjeving:

Nils Tore Leivdal har vore med i folkemusikklag, skrive i folkemusikkblad og spela sjølv. I 19 år har han arrangert Nordmørshelga i Innerdalen. Han har vore aktiv utøvar som folkemusikar, folkedansar og organisasjonsmann.

Lokalhistorie

Nils Tore Leivdal har samla mykje lokalt stoff gjennom sitt arbeid med gards- og ættesoger og ulike jubileumsskrift. Mellom anna har han skrive gard- og ættesoger for Smøla, Halsa og Gjemnes.

Nils Tore Leivdal har mellom anna teke vare på garden Furuli ved restaurering av gammal bygningsmasse. Han har restaurert Flåbergsetra i Batnfjord og halde ope setermuseum om somrane med kulturdagar.

Alt han har skrive er skrive på nynorsk. Han starta med å vere styremedlem i Voss off. Gymnas sitt mållag og var formann av Volda elevmållag. Han har sidan vore akitiv i målrørsla.

Bygdebokarbeidet i Gjemnes

Leivdal har i lange perioder kombinert jobben som lærar ved Batnfjord skule med eit kommunalt engasjement for å skrive bygdebok. I perioden fra 1980 til 2013 var han forfattar av i alt 10 bind med Gards- og ættesoge for Gjemnes kommune. Og han har vore engasjert styremedlem i Gjemnes mållag og Nordmøre Mållag i perioden 1970 -2017. Han har vist stort engasjement for å behalde nynorsk i skulane i kommunen. Leivdal har arrangert kulturkvelder i regi av mållaget. Han har levert mange bidrag til heftet Du mitt Nordmøre.

Han var med å legge grunnlaget for historieskriftet Gjemnes Minne som kom ut første gong i 1978, då som medlem i redaksjonsnemda. Han har siden bidratt med stoff kvart år.

Forfattar og talar

På eige forlag har Leivdal gitt ut «På Silsetrenn 1911-1968», «Ola Olsen Holen 1802-1880 – Ein radikalar i Nesset», «Nogle bemarkninger – sørlig vedkommende Øre herred i det 19de aarhundre» og «Jubileumsskrift for Batnfjord i.l.»

Han er ein mykje nytta føredragshaldar og har tala ved ei rekke tilstellingar i kommunen. Nils Tore Leivdal har ein eigen evne til å formidle og skape engasjement i forsamlinga, påpeikar juryen.

Han fekk Fylkeskulturprisen i 2011 og Kuliprisen i 2004.