Formannskapet i Nesset har vedteke følgjande tildelingar frå kraftfondet:

  • M.I.N. Produksjon AS, Eidsvåg, får innvilga tilskot på inntil kr 60.000.

  • Hårstudioet AS, Eidsvåg, får innvilga tilskot på inntil kr 30.000.

  • CIVA AS, Eidsvåg, får innvilga tilskot på inntil kr 100.000.

  • Nesset Næringsforum AS, Eidsvåg, får innvilga eit årleg tilskot på inntil kr 500.000 til prosjektleiarstilling for åra 2018, 2019 og 2020.

Auka pott

Protokollen frå formannskapet viser at politikarane ville gi Nesset Næringsforum AS meir enn rådmannen, som i si tilråding innstilte på at næringsforumet skulle få eit årleg tilskot på 500.000 kroner i 2018 og 2019. I denne summen skulle det også ligge drift av Hoppid-kontoret.

Svein Atle Roset (KrF) fremma forslag om eit årleg tilskot på inntil kr 500.000 for åra 2018 og 2019.

Toril Melheim Strand (Ap) bad om gruppemøte, og det vart semje om at Næringsforumet får innvilga eit årleg tilskot på inntil kr 500.000 til prosjektleiarstilling for åra 2018, 2019 og 2020.

Svein Atle Roset trakk sitt forslag. Formannskapets forslag vart sett opp mot rådmannens innstilling, og vart samrøystes vedteke.

Denne saka kjem også opp i kommunestyret torsdag.