Mann sikta etter overfallet i Volda

Ein mann i slutten av 20-åra er pågripen og sikta for grov kroppskrenking etter overfallet på ei unge kvinne i Volda natt til søndag.
Nyheter

(SMP.no) Det melder politiet i Møre og Romsdal i ei pressemelding onsdag.

– Den sikta vart avhøyrd ut over kvelden tysdag på Volda og Ørsta lensmannskontor og han vil bli framstilt i tingretten med krav om varetektsfengsling, seier politiadvokat Cathrin Remøy ifølgje pressemeldinga.

Den sikta mannen er ikkje norsk statsborgar. Han vart pågripen av politiet tysdag ettermiddag i bustaden sin i ei anna kommune enn Volda.

Politiet sette i gong ei omfattande etterforsking som involverte fleire einingar i politidistriktet då det natt til søndag kom inn melding om at ei 20 år gammal kvinne hadde blitt overfallen i sin eigen bustad i sentrum.

Kvinna skal ha blitt utsett for grov vald i heimen sin. Hendinga er omtala som  grov kroppskrenking, men politiet har vore varsame med å gå ut med fleire detaljar. Det er opplyst at det ikkje er snakk om voldtekt.

Vitneforklaringar og tips

Politiet gjekk tidleg ut og ba om tips i saka.

– Vi har fått mykje hjelp frå publikum i løpet av dei døgna som har gått sidan overfallet og gode vitneforklaringar spelte ei sentral rolle då dei siste bitane fall på plass slik at vi kunne pågripe det vi trur er gjerningsmannen, seier lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta.

Lensmannen understrekar kor viktig det er å oppklare slike saker raskt.

– Det er viktig at folk skal kunne kjenne seg trygge i sin eigen bustad, seier han.

Håper på stabilitet

Då Sunnmørsposten snakka med Hagen tysdag sa han at denne typer saker er svært uvanleg i Volda.

– Eg kan ikkje hugse at vi har hatt noko liknande lokalt, sa lensmannen.

Han fortalde at dei som var tett på saka blei skremde av hendinga., men ville ikkje gå ut med detaljar om kva som

– Etter mi vurdering så vil ei oppklaring gi stabilitet igjen i sentrum, sa han i går.

Denne saka ble først publisert i Sunnmørsposten.