MOLDE: – Dette er veldig spennande. Så langt har vi gjort vellykka testar i laboratorium med å reinse flygeaske, og snart skal metoden testast i eit større pilotanlegg, seier Jan Gregor Høydahl Sørli, leiar for moldeavdelinga av Norsep og Oiw Process AS.

Molde og Porsgrunn

Bedrifta vart etablert i 2013 med avdeling både i Molde og Porsgrunn. Eit pilotanlegg er planlagt bygd i Porsgrunn på Herøya Industripark.

– Men begge avdelingar følgjer dette tett, og deltek i utviklingsarbeidet, seier Høydahl Sørli.

Ny teknologi

Med ny separasjonsteknologi vil Norsep reinse restavfall frå søppelforbrenningsanlegg, nemnt som flygeaske. Flygeasken inneheld oftast tungmetall, og er dermed klassifisert som farleg avfall. Til no har løysinga vore deponi for farleg avfall for denne typen avfall.

– Asken inneheld til dømes typisk ein prosent sink. Dette verkar kanskje lite, men sink er ein avgrensa ressurs i verda. Reinsing av flygeaske med gjenbruk av tungmetall og rein aske, er slik ei viktig miljøløysing, poengterer Høydahl Sørli.

Olje og flygeaske

Teknologien var først teken i bruk av Oiw Process i oljeindustrien for å reinse olje i vatn.

– Dette er teknologi som viser seg å fungere også på andre segment, seier Høydahl Sørli.

I Norge vert det årleg deponert om lag 200.000 tonn flygeaske frå Norge, Sverige og Danmark. I Norge er det om lag 20 forbrenningsanlegg, og også elles i Europa er det stadig fleire forbrenningsanlegg og stadig meir flygeaske som må takast hand om.

– Vil påverke deponibehov

– Om teknologien fungerer i stor skala, kva konsekvensar får det med tanke på behov for deponi for farleg avfall?

– Vi vil ikkje meine noko i debatten som går om lokalisering av deponi for farleg avfall. Vi har avdeling i Molde og Porsgrunn – begge stader er aktuelle i denne samanheng. Vårt fokus er behandle og gjenvinne, men når vi lykkast, går vi ut frå at vår metode vil redusere behovet for deponi i betydeleg grad, seier Høydahl Sørli.

Til departementet

Norsep har fått støtte av Innovasjon Norge, og har fått stor merksemd internasjonalt.

Bedrifta har også vore i departementet og presentert prosjektet. (Sjå også kommentar frå statssekretær Lunde, over)

Først pilot, så fullskala

Høydahl Sørli og hans kollegaer ser for seg at metoden i løpet av kort tid vil kunne takast i bruk i stor målestokk. Eit pilotanlegg er altså i ferd med å bli sett opp i Herøya industripark ved Porsgrunn. Etter planen skal testing her gjerast i løpet av først halvår 2018.

– Etter det er ikkje vegen lang til fullskala. Vi er allereie i dialog med Energigjenvinningsetaten i Oslo kommune, som også er med i pilotprosjektet. Det kan vere aktuelt å ta i bruk teknologien der allereie i 2019, seier Høydahl Sørli.

– Ved kvart anlegg

Norsep meiner det vil vere mest aktuelt at kvart forbrenningsanlegg får sitt eige kompakte reinseanlegg.

– Med reinsing på staden, sparer ein også transport, og får ein enda større miljøgevinst, seier Høydahl Sørli.