I sitt møte måndag 4.desember behandla Vestnes formannskap tildeling av Næringsprisen for 2017 frå Vestnes kommune.

Næringsprisen består av ein statuett og ein eigen næringsprisdiplom.

Forslagstillar var Grete Misfjord og i prisgrunngjevinga står det mellom anna at landbruksnæringa i Vestnes omfattar 100 årsverk og står for ei omsetning på nesten 100 millionar kroner berre i matproduksjon. Frå over 90 aktive gardsbruk, derav meir enn 20 mjølkebruk. Forslagstillaren nemner vidare at kvart årsverk i landbruket gir 1-2 arbeidsplassar i andre  verksemder.

I Vestnes kommune har ein satsa tungt på mjølkeproduksjon dei siste åra. Og der mjølkekvoten per bruk i 2004 var på 160 tonn,  var den i 2017 på over 290 tonn!  Dette er heilt i landstoppen når det gjeld kvotestorleik. Mjølka i Vestnes går for det meste til Tine sitt anlegg i Tresfjord, der m.a. den kjente Ridderosten blir produsert, som einaste plass i verda. I Vestneslandbruket har det blitt bygd mange nye driftsbygningar dei seinare åra, og framleis er nokre under bygging og planlegging. Eit titalls millionar  er satsa og Innovasjon Norge har bidratt. Slik at det no er eit framtidsretta driftsapparat på dei fleste gardane.

Dette viser vilje til å vere med vidare, for å sikre landbruket i kommunen vår, der ein også bidreg til eit flott kulturlandskap med beitande dyr i sommarhalvåret. Noko både turistar og friluftsfolk set pris på å få oppleve på nært hald.

Det har også vore frisk satsing i sauenæringa, med auke i både produksjon og i foredling av lokal mat. Rypdal Purkering er i tillegg ein viktig aktør for heile svinenæringa i Møre og Romsdal fylke. Storfeproduksjonen er også betydelig, m.a. med spesialisering på oppforing av oksekalver og ammekuproduksjon.

Forslagstillaren si grunngjeving  viser at Landbruket i Vestnes kommune er ein verdig kandidat til årets næringspris, representert ved Vestnes Bondelag.

Næringsprisen blir markert og utdelt i forbindelse med siste kommunestyremøtet før jul, måndag den 18. desember.