I sitt møte måndag 4. desember behandla Vestnes formannskap tildeling av kulturprisen for 2017 frå kommunen. Formannskapet vedtok at årets kulturpris skal gå til Randi Bergundhaugen.

Mette Mjelve var forslagstillar. Ho skriv dette om forslaget på Randi Bergundhaugen:

Dette begrunner eg med hennar utrulege innsats for teatermiljøet i Vestnes kommune, der ho har inkludert ulike lag i heile kommunen, til samarbeid. Ho har «ei hand i alt som røyrer seg i kulturlivet, frå tekstskriving til sminke og

kostyme» og er hjelpsomheita sjølv. Eit JA-menneske!

Ho skriv monologar, sketsjer, sanger, taler.

Ho er eksperten på sminke kost og mask og er til uvurderleg hjelp til alle, Gapskratten, Teaterlaget, store show, og andre oppsettingar i kommunen.

Ho syr og lager dei vakraste kostymene til ulike lag.

Ho held styr på og har bygd opp eit fantastisk kostymelager i Teaterlaget, der alle som ein kan få låneleige seg antrekk til ulike tilstelningar. Der stiller Randi opp og er til god hjelp for råd og veiledning.

Randi har vore svært sentral i Teaterlaget i mange år, både som leiar og andre oppgåver i styret.

Ho er ei pådrivar til samarbeid mellom ulike lag og organisasjonar i heile kommunen vår. Også skulane har brukt Randi til «kost og mask – sminke - parykker – veiledning».

Randi har vore og er hjelpsomheita sjølv for alle som skal skape og lage noko i kommunen vår .

Kulturprisen for 2017, vil bli markert og utdelt i samband kommunestyret sitt siste møte før jul, måndag den 18. desember.