Dette er innstillinga til Vestnes formannskap som skal behandle økonomiplan og budsjett for 2018 for Vestnes kommune måndag.

Grunnskuleelevane frå Fiksdal blir flytta til Tomrefjord, elevane frå Tresfjord skal til Vestnes. Nedlegginga skjer før den planlagde felles ungdomsskulen på Vestnes står ferdig, bakgrunnen er behovet for innsparing og redusert barnetal i dei to krinsane. Barneskulane i Fiksdal og Tresfjord har eit samla driftsbudsjett på litt over ti millionar kroner i året. Ved å legge ned desse skulane, vil kommunen spare fem millionar i året. Grunnen til at det ikkje er meir, er at flytting vil føre til behov for å opprette fleire klassar, står det i saksutgreiinga.

Færre barn

Elevtalet både i Tresfjord og Fiksdal er på veg ned, I Tresfjord til under 30 og i Fiksdal til under 40.

Dersom innstillinga blir vedtatt, står Vestnes kommune igjen med to grunnskular om to år. I tillegg kjem den privatdrivne Vike friskule.

Til 1990-talet var det ni skular i Vestnes, no blir det ingen igjen i gamle Tresfjord kommune. Det einaste offentlege tilbodet der blir barnehagen, som får halde fram.

Kva som skal skje med skulebygningane i Fiksdal og Tresfjord når skulane blir nedlagt, er ikkje klart.

Store låneopptak i vente

Vestnes kommune har i dag 418 millionar kroner i gjeld. Omfattande investeringar i den kommande økonomiplanperioden vil omtrent doble gjelda. Administrasjonssjefen har sett ei førebels ramme for nye investeringar til 400 millionar kroner. Dei største investeringane er nytt helse- og velferdssenter, ny ungdomsskule og rehabilitering av Tomrefjord idrettsbygg. Det er no er i full gang og vil påføre kommunen utgifter på knapt 50 millionar kroner. Også ved den eldste delen av Tomrefjord skule er det behov for rehabilitering.

Investeringane i 2018 blir likevel beskjedne. Neste år vil gå med til detaljplanlegging av dei store byggeprosjekta, som vil stå ferdig i 2020/2021.

I 2018 er det foreslått å investere 25,7 millionar kroner til ei rekke mindre prosjekt som 7-ar kunstgrasbane, utviding av kyrkjegarden og opprusting av vegen til Vestnesbukta.

Budsjettet for 2018 er sett opp med ei utgiftsramme på 472 millionar kroner. Helse, omsorg, bu- og rehabilitering tar nesten halvparten av dette, skule og barnehage 25 prosent.

E-skatt som i dag

I fjor vedtok Vestnes kommunestyre å doble eigedomsskatten til fire promille. I forslaget til økonomiplan 2018–21 er denne satsen foreslått uendra, og vil gje 19 millionar kroner i kommunekassa kvart år framover.

Dei største inntektspostane til Vestnes kommune er overføringar frå staten og skatt. Kommunen tar 187 millionar i inntektsskatt, i tillegg til eigedomsskatten. Staten bidrar med 261 millionar kroner gjennom overføringar og vertskommunetilskot i 2018. Kommunen vil også hente ut 5,3 millionar frå Vestnes Energi.

Etter at formannskapet har komme med si innstilling, går saka til endeleg vedtak i Vestnes kommunestyre den 18. desember.

Fiksdal skule blir foreslått nedlagt frå 2019 Foto: Olav Skjegstad
Tresfjord trygdeheim skal leggast ned og blir lagt ut for sal. Foto: Olav Skjegstad