MIDSUND: Fylkeskultursjefen ved sin kulturvernrådgivar Toril Moltubakk, har kome med ein vernefagleg uttale til Midsund kommune etter vedtaket om å heve Antonbua.

Tek ikkje skade av flo

– Det er muleg å sikre at bua kan stå med vatn av og til, utan å ta skade. Tilsvarande skjer med bygg mellom anna i Trondheim, skriv Moltubakk.

I brevet vert det poengtert at bua og kaia representerer ei forteljing om korleis arbeidet gikk føre seg – heving av bua vil gjere det mindre forståeleg. Endra etasjehøgd vil tilsvarande gjere sjøbua mindre gjenkjenneleg.

– Ikkje kontor i første etasje

Heller ikkje er det ønskjeleg med kontor i første etasje, dette vil gå sterkt ut over opplevinga av kva slags bygg dette har vore, heiter det i brevet.

– Heller nybygg

Heving er dyrt, det vil vere billigare og vernefagleg betre å bygge til eit nytt tilbygg. Om det er meir areal som er ønskjeleg, er det langt billigare å bygge nytt ved sida av Antonbua, heiter det vidare.

Vurderer klage

Det vert understreka at Antonbua har vore midlertidig freda, og at Riksantikvaren trakk denne etter avklaring om at kommunen skulle ta vare på bua og ta den i bruk.

– Som regional kulturminnemynde vil vi vurdere å klage dersom Antonbua vert teken ned og heva opp på same nivå som nybygget er planlagt. Vi vil også gå i mot større heving av etasjehøgda, heiter det i brevet.