MIDSUND: – Nokon er skuffa, det er ikkje overraskande. Samtidig er det vårt ansvar å ivareta alle omsyn, så dette står vi for, seier Randi Anna Hånes (H) i ein kommentar.

Tysdag vart det kjent at tilsette i kommunen reagerer sterkt på tilleggspuktet Ap og H fekk fleirtal for i vedtaket om arkitektløysing for Antonbua. I eit lesarinnlegg i Romsdals Budstikke underteikna «De ansatte», seier tilsette på kommunehuset i Midsund at dei no fryktar forseinking eller enda lenger utsetting av prosjektet.

Hånes poengterer at ein etter hennar syn ikkje kan sette i gang prosjektet utan å utgreie dette.

– Vi trur dessutan ikkje at det nødvendigvis vert så stor forseinking å ta bua ned og sette den opp igjen, sidan ein uansett må ta ned tak og deler av huset, seier Hånes.

Nora Blø (Ap) opplyste onsdag at ho har vore sjuk og ikkje har lese lesarinnlegget.

I brevet blir det vidare peikt på at nytt administrasjonsbygg for sentraladministrasjonen har vore tema i mange år, at dei tilsette fagleg vert påverka av dårleg inneklima, og at Arbeidstilsynet har kome med pålegg. Brevet blir avslutta med ei klar oppfordring til kommunestyret om å ta «ansvar overfor de ansatte på kommunehuset.».

– Det er heilt klart at kommunestyret har ansvar som arbeidsgivar, det kan vi ikkje hoppe over, seier ordførar Odd Helge Gangstad (Sp) og varaordførar Frits Inge Godø (V).

– Dei tilsette er fortvila over situasjonen. Dette må vi ta på alvor. Vi må ta dette opp med dei andre gruppene i kommunestyret, seier Gangstad.