Båten «Nemi» som forliste i småbåthamna på Røsk på Harøya vart heva seint torsdag kveld. Båten vart forsøkt heva alt onsdagskvelden, men lakseforingsbåten «Ben Redik» kom seg ikkje inn opninga på småbåthamna. Eit nytt og vellukka forsøk på heving vart gjennomført torsdagskvelden. Denne gongen med taretrålaren «Rambo» frå Bud.

Forsikringsselskapet har foretatt sine undersøkingar, men årsaka til havariet er enno ikkje avklart, dette stadfester eigaren av båten, Jan Kåre Brunvoll.