- Møre og Romsdal har sterke kompetansemiljø og attraktive byar. Det gjer at vi kan ta over ein større del av statsforvaltninga, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

- Vi må tenke langsiktig, og vi må bli samde om våre fortrinn og kva for statlege verksemder vi skal rette oss inn mot, seier prosjektleiar Oddbjørn Vassli.

Kastar seg inn i kampen

Møre og Romsdal fylkeskommune kastar seg for fullt inn i konkurransen om å få fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Det gjer dei mellom anna med å utarbeide ein strategi for dette arbeidet.

Landstad meiner fylket har mange gode kort på handa:

- Ei kartlegging viser at her finst mange moglegheiter knytt til kompetanseområde der vi er nasjonale næringsmessige tyngdepunkt. Det gjeld også på feltet skredberedskap og kulturfeltet til dømes, seier ho.

– Eit anna argument er at Møre og Romsdal manglar 4000 statlege arbeidsplassar, for å vere på landssnittet. Det utgjer om lag like mange arbeidsplassar som fylket har mista dei siste åra som følgje av oljenedgangen, seier Landstad.

Ein delegasjon frå kvar flyplass

Tidlegare rådmann i Rauma, Oddbjørn Vassli, er leigd inn som prosjektleiar. Vassli har lang erfaring frå offentleg sektor og er klar til å brette opp ermene.

- Vi må tenke langsiktig, og vi må bli samde om våre fortrinn og kva for statlege verksemder vi skal rette oss inn mot, slik at alle kan dra i same retning. Vi må bli flinkare å koordinere oss internt i fylket. Vi må ikkje ha det slik at det flyg ein delegasjon både frå Vigra, Årø og Kvernberget, for å sloss om den same lokaliseringa, seier Vassli i pressemeldinga.

– Dialogen med regionråda, kommunane, Mørebenken og representantar for dei største statlege verksemdene i fylket er alt i gang.

1200 arbeidsplassar skal ut av Oslo

Spørsmålet er kor mange arbeidsplassar det er realistisk å få til fylket.

- Regjeringa har lagt fram ein plan for at inntil 1200 statlege arbeidsplassar kan flyttast ut av Oslo. Ambisjonsnivået til Møre og Romsdal må vi avklare i løpet av hausten, seier Vassli.

Regionreforma vil også bidra til å trekke fleire statlege etatar til fylket.

– I dag blir Møre og Romsdal styrt frå Bergen eller Trondheim i 18 regionale statlege verksemder som Husbanken og IMDi (Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet). Undersøkingar viser likevel at den største endringa i lokalisering av dei statlege arbeidsplassane skjer gjennom intern omorganisering i dei statlege verksemdene som NAV og Skatteetaten. Og ikkje minst helsefortaka, seier han. Og:

– Derfor blir det viktig å etablere god kontakt med desse etatane for saman å bidra til at den interne veksten eller re-lokaliseringa i større grad kan skje i vårt fylke.

Fylkesutvalet skal behandle første versjon av strategien 20. november.

Fakta

  • Møre og Romsdal har 126.000 arbeidsplassar. Av desse er 10.600 (8 prosent) i statlege verksemder.

  • For landet samla utgjer dei statlege arbeidsplassane 11 prosent av den totale sysselsettinga.

  • Ålesund har flest statlege arbeidsplassar med vel 4.100.

  • Den største statlege arbeidsgivaren i Møre og Romsdal er Helseforetaket med 6.600 tilsette. Deretter følger NAV med 600 og politiet med 500 tilsette.

  • Prosentdel statlege arbeidsplassar i fylket fordeler seg slik:

  • Volda kommune 23 prosent

  • Molde 17 prosent

  • Ålesund 15 prosent

  • Kristiansund 11 prosent

  • Kjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune

- Møre og Romsdal har sterke kompetansemiljø og attraktive byar. Det gjer at vi kan ta over ein større del av statsforvaltninga, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.