Med gratis brus og is, vaflar og ballongar, trylleshow og omvisning var det full fest da Ormen Lange feira 10-årsdag laurdag.

Nærare 1000 små og store naboar blei med på bursdagsfesten på Nyhamna på laurdag – ein bursdagsfest som hadde alt bursdagsfestar skal ha: brus, is, vaflar og pølser, ballongar og masse aktivitetar.

- Vi var veldig spent på oppmøtet og hadde dimensjonert med god margin. Lettelsen var stor då vi såg dei første gjestane kom. Sidan har det berre sige på , jamt og trutt. Når vi ser kor folk kosar seg, så er vi berre stolt og glad, oppsummerte ein letta kommunikasjonssjef Lillian Aasheim.

Varmgang i vaffelpressa

Området ved campen var fylt av aktivitetar frå ende til anna: her kunne barna lage slim, her kunne ein bli med på busstur rundt produksjonsområdet, her var det endelaus tilgang på gratis pølser og brus, og ikkje minst kunne ein gasse seg i nydeleg vaflar.

- No har vi snart steikt opp 90 liter med vaffelrøre – vi kom så vidt litt frampå i dag tidlig, men sidan har det gått unna fortløpande. Vi reknar med å ha steikt nærare 1000 vafler, fortel gjengen i vaffel-bua ved resepsjonen, med Christian Ekren i bresjen.

Gode hjelparar

Vaffelsteikarane er til dagleg å finne i produksjonen, men som mange andre av arbeidarane på Nyhamna, så stiller dei opp og hjelper til med bursdagsfeiringa.

- Vi reknar med at nærare 100 medhjelparar har bidratt til feiringa, så her er det full gass Mange av våre eigne har gjort ein formidabel innsats. I tillegg har vi hjelp frå Gossen Idrettslag med logistikken, fortel Lillian Aasheim.

Emma Søreide Midtbø ville prøve å sette ny personlig rekord på meir enn 16 bruskasser i høgda, men grunna vanskelege vindforhold og ei bukse som berre sette seg fast, vart det dagsbeste på 12 kasser. Foto: Per Tormod Nilsen