Det er 12 år sidan sist folk kunne få kike på gassanlegget på Nyhamna på nært hald. Sidan den ong har det vore opp- og nedbygging i fleire rundar – og neste søndag passerer anlegget på Nyhamna ein milepæl: Gasco tek over som formell operatør og A/S Norske Shell, som har drifta anlegget i ti år, går inn som teknisk tenesteytar.

Inviterer naboane

For å feire ti år som operatør, inviterer difor Shell til stor bursdagfest, med pølser, brus, trylling og omvisning.

– Vi har invitert naboane våre, Aukra kommune og Stavik og Kjørsvik grendalag i Bud til bursdagsselskap. Vi har kapasitet til om lag 1000 gjestar og håper mange tar turen, fortel kommunikasjonssjef på Nyhamna, Lillian Aasheim.

Litt rastlaus, veldig spent og med masse planar klare for den store bursdagsfesten, håper ho arbeidarane som framleis bur på anleggshotellet skal sleppe å ete pølser dei neste vekene:

– Vi har bestilt 2000 pølser, og håper dei får bein å gå på, ler ho.

– Vi håper påmeldinga vil ta seg opp dei nærmaste dagane. Så langt har berre 100 personar meld seg på via lenka vår, www.ormenlange10aar.no, men vi satsar på at det tek seg opp i løpet av dei neste dagane. Vi kjem til å sette opp buss for dei frå Stavik og Kjørsvik grendalag som vil komme, i tillegg vil det gå skyttelbuss frå Aukrasanden til Nyhamna ved kvart ferjeanløp, slik at den som vil sette att bilen på Hollingen, kan gjere det.

Omfattande program

Pølser, brus, softis laga med nitrogen, trylleshow, bruskassestabling, brannbil, informasjon om utbygginga – programmet er omfattande og skal foregå over fire timar, frå klokka ti til klokka fire.

– Bussane stoppar ved brakkeriggen, og dei som køyrer sjølve vil få anvist ein parkeringsplass. Ein må gå rett til resepsjonen og få seg eit besøks-kort, fortel Aasheim. Vaffel følgjer også med på registreringa.

Sikkerheitsrutinene må overhaldast, og den som skal vere med på omvisning på anlegget med buss, må gjennom ein tennkildekontroll.

– Vi har tre krav til sikkerheita for omvisningsturane: At ein legg att mobilar, kamera, lighter, armklokker og gjenstandar som går på batteri. Armbandsur er greit. Vidare må ein vere fødd i 2007 eller før, og ein må kunne evakuere til fots, dersom det skulle bli nødvendig, fortel Lillian Aasheim.

Ein merkedag

For kommunkasjonssjefen blir laurdagen ein merkedag. Etter ti år skal ho overlate «barnet» sitt til andre og gå vidare på nye eventyr.

– Eg har hatt ein fantastisk periode på Nyhamna og i Norske Shell – eg har fått følge verdikjeden heile vegen frå leiting til drift og no føles det rett å gje seg. Dagen etter den store bursdagsfesten overlet A/S Norske Shell operatøransvaret for Ormen Lange-anlegget til Gasco, og går over til å bli teknisk tenesteytar. Då føles det rett å seie punktum, fortel Nyhamna sitt ansikt utad.

Men først skal det feirast – og Lillian Aasheim oppmodar alle som vil vere med til å melde seg på:

– Det er veldig enkelt og ein person kan melde på mange, så her er det berre å samle troppene. Så håper eg det blir solskinn og full rulle på Nyhamna førstkomande laurdag, seier ho.

Shell inviterer til stor bursdagfest for å feire ti år som operatør på Nyhamna. Foto: Norske Shell