MC-velt i rundkøyringa ved Tresfjordbrua

Lokalt brannmannskap har rykka ut.
Nyheter

Møre og Romsdal 110-sentral melder klokka 21 at det har vore eit trafikkuhell ved Tresfjordbrua i Vestnes kommune. Det skriver Sunnmørsposten

– Det var ambulansepersonell som melde ifrå om uhellet til oss. Det er to motorsyklar som har velta. Lite, eller ingen personskade, etter det eg forstod, seier Ryan Morrison ved 110-sentralen.

Morrison fortel at det er veldig glatt på staden. Ulykka skal ha skjedd i rundkøyringa ved Tresfjordbrua på E136.

– Vegtrafikksentralen sender ein entreprenør for å sjekke forholda, seier Morrison.

Det blir truleg sett opp eit skilt som varslar glatt vegbane.

Det har vore fleire MC-ulykker i rundkøyringa ved Tresfjordbrua. Mellom anna har vegen blitt frest for å skape meir friksjon.