Signerte første kontrakt

I boks: Prosjektleiar Marianne Nærø og dagleg leiar i Busengdal AS, Rolf Anders Håberg skriv under første kontrakten på Nordøyvegen. Bak (f.v.) Svein Skeide, Kjell Inge Langlo og Erlend Opstad, Statens vegvesen, Johnny Longva (Longva maskin), Lars Tore Opshaug (Opshaug), Bjørn Busengdal (Busengdal AS) og Joakim Aure (ACO AS). Foto: Helge Rensvik /Statens vegvesen

Nordøyvegen
  • Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Skal gi fastlandssamband til rundt 2.900 menneske.
  • 10.000 innbyggjarar i kommunane Haram og Sandøy blir knytt nærare saman.
  • Finansiering: Kommune, Privat, Bompenger, Fylke, RDA-midler, Ferje- og hurtigbåtsubsidier
  • Kostnad: 3,80 mrd. kr
  • Oppstart: Haust 2017
  • Antatt opna: 2023
  • Kjelde: Statens vegvesen
Nyheter

Statens vegvesen har inngått kontrakt med AF ABOL om førebuande arbeid på Skjeltene.

AF ABOL er eit arbeidsfellesskap med Aco anlegg AS, Busengdal AS, Opshaug AS og Longva maskin AS, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Stein og rør

Kontrakten er på 9,8 millionar kroner eks. meirverdiavgift. Den omfattar kjøp og utlegging av 35.000 kubikkmeter sprengt stein, asfaltering og lukka rørgrøfter.

Start i månadsskiftet

– No startar vi ein samhandlingsperiode mellom oss og entreprenørane. Planen er at vi skal ta fyrste spadetak på Skjeltene i månadsskiftet, fortel prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen i pressemeldinga.