Samferdselssjef Arild Fuglseth seier seg lei for at ei gruppe elevar i Kristiansund fekk ei ubehageleg oppleving under skoleskyssen på måndag.

– Det skal vere trygt å ta skoleskyss, presiserer han. Bussen skal stoppe ved dei busstoppa der passasjerane ønsker å gå av. Når dette ikkje skjer, er det ikkje vanskeleg å forstå at elevane vart urolige og redde, seier Fuglseth i ei pressemelding.

Det var mandag at sjåføren på ein skolebuss i Kristiansund blei irritert då elevane trykte på stoppknappen utan at dei skulle av.

– Han bestemte seg for å kjøre til enden av ruta utan å stoppe. Undervegs blei nokre av elevene engstelig, så vi tok situasjonen på alvor, sa Ole Wulvik ved politiet sin operasjonssentral då Rbnett først omtalte saka. Elevane var på veg frå Atlanten vidaregåande skole i Kristiansund til Brattøya.

Ordensreglane gjeld også på bussen

Fylkesutdanningssjef Erik Brekken er oppteken av at alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø.

– Fylkeskommunen har eit ordensreglement for elevane som også gjeld på veg til og frå skolen, seier Brekken. Dermed gjeld det også på skolebussane. Han seier at regelverket for elevane sitt skolemiljø vart revidert og innskjerpa frå 1. august i år.

– Her går det fram at alle som har kontakt med elevar i skoletida, dermed også på skolevegen, er underlagt reglane i opplæringslova. Vi meiner reglane på denne måten gjeld sjåførar av skolebussar, noko som også er presisert av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– På eit generelt grunnlag skal bussjåførane reagere overfor elevar som oppfører seg i strid med ordensreglementet på skolebussen. Etter reglane i opplæringslova har sjåførane varslingsplikt til skolen, seier fylkesutdanningssjef Brekken i pressemeldinga.

Ventar på konklusjon frå politiet

Samferdselssjefen har vore i kontakt med leiinga i Tide, og det er avtala eit møte om denne saka så snart politiet har konkludert. Både fylkesutdanningssjefen, samferdselsjefen og Tide meiner at hendinga har vore uheldig, og noko som både bussjåføren og elevane burde sleppe å oppleve. Ut over dette ønsker dei ikkje å uttale seg vidare i saka før politiet har ferdigstilt den pågåande etterforskinga.