Fredag 25. august er blir det storsatsing for å rekruttere ungdom til fiskerinæringa. Til saman tusen 10.-klassingar frå Sunnmøre og Romsdal er venta til arrangementet, Fiskeflåtens Ungdomsmønstring, som blir halde på Parken kulturhus i Ålesund.

Det skriv Fiskebåt, havfiskeflåtens organisasjon, i ei pressemelding onsdag.

Fiskeflåtens Ungdomsmønstring har vore arrangert i Ålesund sidan 2007, og målet er å gi ungdomane eit innblikk i fiskerinæringa, og vise kva for karrierevegar som er mogleg å velge innan sjømatnæringa generelt og med spesielt fokus på fiskeflåten.

Det er lagt opp til to like forestillingar med rundt 500 elevar på kvar. På kvar forestilling blir det korte foredrag med representantar frå sjømatnæringa.

I tillegg blir det også musikalsk underhaldning. Det blir også ein panelsamtale med yngre folk som arbeider på fiskebåtar eller tar utdanning i den retninga, skriv Fiskebåt i pressemeldinga.

For å gi elevane ein ekstra motivasjon, blir det også gjennomført ein konkurranse der premien er kr. 10 000,- til den beste klassa.

Arrangementet skjer i samarbeid mellom Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi), Fiskebåt Vest, Møre og Romsdal fiskarlag og Marint Kompetansesenter, og er det største i sitt slag her i landet, ifølgje arrangøren.