Arrangørane er klar – til helg inviterer dei til tidenes tredje dragefestival på Gossen.

Små og store har tidlegare kome frå fjern og nær, på sykkel, i bil og med buss – familiar har overnatta i telt og tatt helga på Røaleira på Gossen. Kvifor? Regionens einaste dragefestival, sjølvsagt!

Perfekte forhold

I idylliske omgjevnader på Gossen si lengste sandstrand har hundrevis av drake-entusiastar møttest i midten av august dei to siste åra for å segle med sjølvmekka dragar i alle regnbogens fargar. Og om vel ei veke brakar det laus igjen.

Arrangementskomiteen i Røaleira Velforening og Eining for innvandring og integrering legg i desse dagar dei siste brikkene på plass og er snart klar til å ta imot hundrevis av drage-seglarar neste helg. Leiar i Røaleira Velforening og einingsleiar i Eining for innvandring og integrering, Aud Lisbeth Lillebostad, har to hattar i den forbindelse – instansane skal nemleg arrangere dragefestivalen i lag.

– Ja, eg blir litt schizofren, humrar ho medan ho kikar på appen som viser flo og fjøre-tider for Røaleira.

– Det blir full flo kvart over tre neste søndag, så då må vi starte kl. 11, forklarer ho. Resten av arrangementskomiteen nikkar – dei skal få på plass siste kiosk-detaljane.

– Det blir masse gode, heimelaga kaker, lover Lisa Nautnes Dale.

– Ein kan forresten ete både middag og dessert her, legg ho til og fortel at fire generasjonar var på festivalen i fjor.

Proff instruktør

Drage-makaren Sveinung Dybvig frå Sola drageklubb er instruktør på laurdagens drage-verkstad, der ein kan bygge sin eigen drage.

–Det har vore bygd over hundre dragar på dei tidlegare verkstadane, så vi håper oppslutninga blir like bra i år, seier Aud Lisbeth Lillebostad.

– Vi har bestilt fint ver og passe med vind, vi har ei fantastisk sandstrand og kjempegod mat, så dette må berre bli bra, legg ho til og ønsker liten og stor, frå fjern og nær velkomen neste helg.

Laurdag: Drageverkstad på Aukra Frivilligsentral og kommunehuset frå kl. 11–15.

Søndag: Drage-flyging og konkurransar på Røaleira frå kl. 11–15.

Fjorårets dragefestival på Røaleira var ein braksuksess. Neste helg håper arrangørane på gjentaking. Foto: Gunn E. Aarønes