TRESFJORD: I annonsen er det sett opp ein pris på 1,5 millionar for huset med tomt på 1,75 dekar sentralt i Tresfjord. Det er Vestnes kommune som eig huset, som har stått tomt dei siste åra.

– Før vi lyste ut huset for sal, har vi blitt kontakta av folk som ville kjøpe. Men prisen vi vart tilbydd, var så låg at det var heilt uinteressant. Derfor går vi ut på den opne marknaden og håpar at nokon vil kjøpe til ein fornuftig pris, seier ordførar Geir Inge Lien til Romsdals Budstikke.

I underetasjen er det garasjar og lagerrom. Der administrasjonen i Tresfjord komme var, er det leilegheit. Huset har to leilegheiter.

Huset er teikna av arkitekt Jon O. Villa, og kom på 330.000 kroner då det stod fullt ferdig.

Tresfjord var eigen kommune frå 1899 til 1964. Fram til 1922 under namnet Sylte herad. Kommunestyret hadde først møta i gamleskulen frå Rypdal fram til 1931. Deretter vart det Hansgarden, før planlegginga av det nye kommunehuset starta i 1948. Oddbjørn Skredderhaug, Martin Kjøpstad, Jakob O. Rypdal og Peder B. Hjelvik sat i plannemnda. Byggevedtaket var fatta i Tresfjord heradsstyre like før jul i 1954, med eit kostnadsoverslag på 152.000 kroner. Sommaren 1957 vart det tatt i bruk, med likningskontor, trygdekasse, folkeboksamling, heradsagronom og møterom for kommunestyre og formannskap.

Men så kom Schei-komiteen og den store kommunereforma. Tresfjord heradsstyre kjempa for å bevare Tresfjord som eigen kommune. Dette hadde brei støtte blant bygdefolket. I folkeavstemminga i 1958 stemte 391 nei til å gå saman med Vestnes, berre 25 stemte ja.

Men verken heradsstyret eller innbyggarane vart høyrt, den 1. januar 1964 vart Tresfjord slått saman med Vestnes, og kommunehuset vart tatt i bruk til andre formål.