Arbeidsløysa går stadig ned i Møre og Romsdal. Når ein tek omsyn til dei vanlege sesongvariasjonane gjennom året har arbeidsløysa gått ned med over 100 den siste månaden og over 600 hittil i 2017.

– Det siste året har vi hatt ein nedgang i arbeidsløysa på 13 prosent. Blant dei unge under 30 år har nedgangen vore enda større. I denne gruppa er det nå 1 060 arbeidslause, ein nedgang på nesten 22 prosent. NAV har det siste året hatt økt fokus på ungdom under 30 år, blant anna gjennom bruk av tiltaksmidlar og tett oppfølging. Dette vil vi halde fram med og gjennom det arbeide for ytterligare reduksjon i arbeidsløysa til ungdommen, seier fungerande fylkesdirektør Kjetil Vassbotn.

Kristiansund har framleis den største arbeidsløysa av byane i fylket, men utviklinga der er betre enn for dei andre. Aukra har vekst i arbeidsløysa i juli, medan Vestnes så vidt har ei liten nedgang i dei verkelege tala.

Her kan du finne tala for din kommune. I desse tala er det ikkje teke omsyn til dei vanlege sesongvariasjonane.

KommuneSumProsentSiste mndSiste år
Molde3472,4 %9-106
Ålesund6842,6 %34-166
Kristiansund4974,0 %-2-167
Haram1693,4 %-63
Vestnes882,5 %-1-20
Rauma1022,6 %7-42
Nesset473,1 %40
Midsund414,0 %22
Sandøy121,8 %2-7
Aukra734,1 %723
Fræna1723,3 %13-10
Eide472,5 %4-19
Averøy792,7 %12-2
Gjemnes221,6 %7-9
Tingvoll352,3 %93
Sunndal601,6 %2-8
Hele fylket4 0272,9 %291-615

I juli 2017 har vi 823 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 297 fleire enn i juli 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 850 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,4 prosent for kvinner og 3,3 prosent for menn.

I landet er det 77 431 heilt arbeidslause. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 11,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.