Planar for Mardøla formidlingssenter tek form, inspirert av Mardalsfossen. Forprosjekt er finansiert – eldsjelene bak håper på realisering i løpet av få år.

– Planen er å få opp bygget her ved parkeringsplassen og kiosken i Mardalen, seier Marit Wadsten, eikesdaling og styremedlem i prosjektgruppa som arbeider for realisering av Mardøla formidlingssenter.

«Heilag grunn»

Plassering nærare fossen er uaktuelt, sidan området er regulert som naturreservat.

– Vi vil ikkje nærare heller. Oppe under fossen er det «heilag grunn» – det er som å komme inn i ein katedral, noko heilt spesielt, seier Wadsten. Og poengterer at det ikkje er langt å gå, på den tilrettelagde turvegen.

Skisser kjem

Forprosjektet er delvis ferdig. Med ein knapp million kroner innsamla frå offentleg og privat hald, vil prosjektgruppa over sommaren i gang med utforming og skisser. Her er arkitekt Reiulf Ramstad sentral.

Fossen

Senteret er tenkt å romme fleire ulike sider med utgangspunkt i Mardalsfossen, som om sommaren går fritt utfor. Resten av året er fossen bortregulert, vatnet går då inn i Grytten kraftverks produksjon.

– Vi tenker fleire tema når vi planlegg senteret, men fossen inngår i alle. Målet er å formidle kunnskap og opplevingar knytt til fossen og dalen her, seier Wadsten.

Vasskraft-senter

Prosjektgruppa peikar på at Møre og Romsdal har tre nasjonale kompetansesenter for fornybar energi, og vil ha det fjerde i Eikesdalen.

– Vi har senter for vindkraft på Smøla, for havenergi på Runde, og for sol- og bioenergi på Tingvoll. Da passar de godt med kompetansesenter for vasskraft her, seier Wadsten.

Mardøla-aksjonen

Kampen mot regulering av fossen er eit anna viktig tema.

– Mardølaaksjonen i 1970 var Norges første aksjon med bruk av sivil ulydnad for vern av natur. Det skjedde rett oppe på fjellet her, og mange i dalen og området her var svært engasjert mot utbygginga. Sjølv var eg som 9-åring med foreldra mine i leiren saman med aksjonistane, fortel Marit Wadsten.

Natur og kultur

Natur og historie vil stå sentralt i senteret.

– Eikesdalen utgjer eit unikt miljø, med gunstig klima, og spesiell flora og fauna. Natur er grunnlaget for kulturen, og området her var mellom dei første der menneske slo seg ned i Norge, seier Wadsten.

Kunst

Senteret vil dessutan vektlegge kunst og kunstformidling – på planen står også galleri og skulpturpark.

– Vi fekk ein periode leige ein Anthony Gormley-skulptur, som sto inne ved fossen. «Mannen i fossen» måtte vi sende frå oss igjen, men vi håper å få han tilbake. Eller å få til eit liknande prosjekt med kunst i naturen, seier Wadsten.

– Med så mange ulike tema, kan det bli sprikande?

– Nei, det trur vi ikkje. Det vert variert, men vi vil tenke ut frå at publikum skal få ei god og lærerik oppleving. Vi tenker også at senteret kan bli brukt til seminar, av forskarar og andre.

– Og kva vert prislappen?

– Det veit vi ikkje, men det vert naturlegvis nokre millionar. Men vi trur det er mange som kan og vil bidra for å få dette på plass, seier Wadsten, og trur på realisering i løpet av fem år.

Har trua

Også leiar av prosjektgruppa, Svein Atle Roset, ser lyst på det.

– Mange har allereie medverka til forprosjektet, som Nesset kommune, Gass-ROR og fylkeskommunen. Ettersom Nesset skal gå saman med Molde og Midsund, håper vi også på støtte derfrå – på same måte som Nesset og Molde støttar utviklinga av fiskerisenter i Midsund, seier Roset.

Heilårsfoss?

Han poengterer også at det nærmar seg 50 år sidan Mardalsfossen vart regulert, med tilhøyrande revidering.

– Kanskje kan det då bli aktuelt å få fossen til å renne fritt igjen, året rundt, seier Roset.

Akkurat dette er er Marit Wadsten svært oppteken av.

– Vi vil ha fossen tilbake, heile året. Mardalsfossen er ein svært viktig del av Eikesdalens identitet. Den burde renne alltid, ikkje berre om sommaren.Så vi igjen kan høyre suset av fossen som alltid har høyrt til her, og igjen kan få fantastiske isslott ved fossen på vinteren, seier Wadsten.

Lærer av andre

Prosjektgruppa har vore på befaring til mange av signalbygga i fylket dei ser det relevant å samanlikne seg med, som senteret på Alnes, Gurisentret på Smøla, besøkssenteret ved Trollveggen og Tindesenteret, mellom anna.

Anthony Gormley-skulpturen «Another Time» som sto i fossen i 2015 er ønska tilbake. Foto: Bjoern M Oeveraas
Arkitekt Reiulf Ramstad står bak ei rekke bygg her i fylket, mellom anna Tindesenteret på Åndalsnes. Foto: ERIK BIRKELAND
Svein Atle Roset Foto: Vidar Myklebust