Gjennom veka får born og unge frå 3. til 10. klasse fylle dagane med aktivitet, oppleving og moro. Ein slags feriekoloni. Tiltaket er svært populært, og heile 63 born står tidleg opp om morgonen for å delta på dei opplagde aktivitetane.

Bredt program

Formålet er å gje born og ungdom eit positivt tilbod på dagtid der fokuset er fysisk aktivitet og glede. Opplegget er sentrert rundt fotball, dans, bading i «Håp i Havet», sjøliv på Maritint aktivitetssenter (MAKS), Taekwon-do og bogeskyting.

For dei aller minste er det eit opplegg med barneleikar.

Nytt av året er friluftsliv, der det mellom anna blir tur til Sandøya med overnatting i telt. Deltakarane alternerer mellom aktivitetane.

Veka blei avslutta med tur til Atlanterhavsparken i Ålesund.

Mykje som skal klaffe

Hovudleiaren for tiltaket, Sandra Sandøy, fortel at «Aktivitetsvekå» skal vere eit lågterskeltilbod der alle i målgruppa skal kunne delta. «Vekå» er også open for ferierande born frå andre stader og seks slike har meldt seg på.

– Gjennom dette tiltaket får også 14 ungdomar ei vekes betalt sommarjobb i tillegg til at vi har kjøpt fri 11 kommunalt tilsette og ti frivillige. Vi har også leigd inn to dansarar frå Oslo. Dermed er det tett oppunder hundre born, unge og vaksne som er engasjert. Det er klart – det er mykje som skal klaffe både før-, under- og etter eit slikt arrangementet, fortel Sandra Sandøy.

– Med ein svært låg deltakarkontingent. Korleis er økonomien i arrangementet?

– Det er mange som lovpriser dette arrangementet og vi får romslege støttemidlar frå det lokale næringslivet. Ikkje minst har Sparebanken Møre gitt oss midlar. Dette formidlar inspirasjon, og økonomisk har vi kome omtrent ut i balanse i dei seks åra vi har halde på.

Else Steinshamn er leiar, helsesøster og «dokter» under aktivitetsvekå. Den medbrakte korga er full av alskens plaster, sårsalver, solkrem, myggspray og kva det elles måtte vere. Else har full kontroll og alt har gått greitt. Berre nokre få skrubbsår, kan rapporterast. Vinden har tatt myggen, og skyer og regn har tatt sola. Medisinkorga er framleis velfylt!

– Sett ut frå eit folkehelseperspektiv, er det veldig positivt at kommunen legg tilhøva til rette for eit slikt tilbod i skuleferien. Her får vi det meste; unge får ansvar og leiaropplæring, her er trivsel og miljø. Tilhøyrigheit blir skapt. Dette er god helse på alle plan der vi har vår eigen flotte natur og der oppbygde fasilitetar kan nyttast som gymsalar, I.P. Huse hallen, idrettsanlegg, MAKS og badelandet «Håp i Havet». Dette er kjekt og veldig bra, konstaterer ei fornøgd helsesøster.

Her skal det formast åttetal mellom to utstrekte hender. Malin Sandøy og Sofie Velde (Tennfjord). Leiar Anett Hersel har kontroll på sine disiplar. Foto: Svein Ove Søholt
Hanna Myren Viken har akkurat slept pila. Foto: Svein Ove Søholt
Hamburgerlunsj smakte godt for raud gruppe etter ei fotballøkt i I.P. Huse hallen. Frå venstre: Dominik Pascal Hofman, Eivind Hellouli Harnes, Ole Dandel Myklebust, Christen Røsok, Oliver Sandøy, Maks Terletskiy og Kassander Kristiansen Verhoeve (Lillehammer). Foto: Svein Ove Søholt