Harøyfamilien Tanja og Tomas Bergtun med borna Robin (no 15 år) og Susanna (no 13 år) budde 3 år i Tananger i Rogaland frå 2012–2015. Her var heile familien aktiv i Tananger Sjøspeidergruppe, og gjensynsgleda var stor då armadaen klappa til kai sist torsdag. Tanja og Tomas diska like godt opp med kjempestore kvalkjøtgryter av nyfanga kval. Det måtte det også til når i alt 76 sjøspeidarar i alderen 13–25 år skulle trakterast. Med glupsk appetitt vart grytene på ein blunk reinskrapa. Det var tydeleg at gryteretten smakte godt.

På veg til Bodø

Målet for turen er hovedspeidarleiren Nord i Bodø frå 1. til 8. juli.

Armadaleiar for dei 10 båtane som har hekta seg på langs ruta, Sigurd Mo, fortel at seglskutene som er med, den eldste over 100 år, kjem frå Kristiansand i sør. Dei ifrå Kristiansand starta alt i pinsa, men vi andre starta frå Sandnes fredag 16. juni. Saman med sjøspeidarane deltek 7 vaksne.

– Korleis har turen vore så langt?

– Den har gått veldig bra. På grunn av vêret måtte vi vente eit døgn i Måløy før vi fortsette, men litt ruskete rundt Stad vart det likevel. Bortsett frå sjøverk frå dei minst vande har alle klart seg bra. Vi har ei fin blanding av rutinerte og nye sjøspeidarar som hjelper kvarandre og som ser ut til å trivast i lag. Fleire båtar hekter seg på armadaen langs ruta. I Ålesund var det to nye båtar som kom med. Det var «Båten safe» med sjøspeidarar frå Sykkylven og Ålesund og båten «Aurora» frå Skodje. Nordover vil det også kome til fleire skuter.

Sigurd Mo er ein rutinert armadaleiar. I tillegg til lengre turar kvart 4. år er det turar mest kvart år. Vi frå Tananger deltok på speidarleir i London i 2007, i 2011 var vi i Skåne og i Aberdeen i 2015 der også Robin Bergtun deltok som sjøspeidar.

Natt til torsdag var vi i Ålesund, så her i dag og neste overnatting blir ved Mellomverftet i Kristiansund.

Heile turen frå Kristiansand til Bodø sjøvegen er på ca. 1360 km eller 755 nautiske mil.

Muleg å melde seg på nye tokt

Etter landsleiren skal nokre av båtane dra på vekesturar i Lofoten. Her er det muleg å melde seg på; også for den som ikkje er så båtvant. Alt som blir krevd er at du er minst 13 år, kan symje, har redningsvest og har godt humør, blir det reklamert om i ei brosjyre.

På nord2017.no kan alle følge med reisa nordover. Her vil sjøspeidarane dele noko av sine opplevingar og sine aktivitetar med alle norske speidarar.

Sjøspeidargruppe i Sandøy?

På 1980-talet var det nokre entusiastar på Harøya som dreiv ei sjøspeidargruppe i nokre år.

Med erfaringar frå Tanangar, kan det vere aktuelt å ta opp att ein slik aktivitet? Vi spør Tomas Bergtun på veg ut i hans skinnande flotte Kommerdalskøyte på 33 fot for å ta imot armadaen på veg inn til Finnøya.

Det krevst ein del for å starte med sjøspeidargruppe, ikkje minst med alle pålegg i samband med sikringstiltak. I tillegg må ein vere ganske dedikert for ei slik oppgåve, forklarer Tomas. Jobbsituasjonen ligg heller ikkje til rette for å tenkje på noko slikt, men sjøspeidargruppe på Harøya hadde absolutt vore eit aktivum.