– Vi bygger ned for mykje matjord. Vi må ta vår del av reduksjonen Stortinget har sett som mål, seier Frank Madsøy, direktør for Landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Nedgang

Kommunane rapporterte nettopp inn resultatet for 2016. I Romsdal omdisponerte dei 10 dekar meir enn året før.

– Talet går nedover på fylkesbasis, og mens vi har ingen kommunar på verstingslista i år, ligg vi framleis på ein sjetteplass i landet, seier Madsøy.

Møre og Romsdal omdisponerte i fjor halvparten så mykje matjord som berre to år tidlegare.

– Vi omdisponerte 533 dekar i 2014, 403 i 2015, og i fjor berre 254 dekar. Det er ei positiv utvikling i fylket, seier landbruksdirektøren.

Nasjonal interesse

På 90-talet omdisponerte Kommune-Noreg over 11 400 dekar matjord kvart år. Da sette Stortinget eit mål om å halvere talet til 6000. Målet blei nådd i 2013, og Stortinget sette eit nytt mål på 4000 dekar i 2015.

– Vi fekk i fjor vinter beskjed frå statsråden om at jordvernomsynet skal forsterkast. Det betyr at kommunar no skal vere enda meir restriktive med å bygge ned dyrka jord. Vi har her eit informasjonsansvar, seier Madsøy.

Som representant for staten kan Fylkesmannen også gå til innvending mot kommunale planar, sidan jordvern er ei nasjonal interesse.

– Eit aktivt jordbruk sikrar oss mat, eit kulturlandskap vi kan sette pris på, og er eit viktig beredskapstiltak. Om det skulle bli krisesituasjon i verda, kan vi i dag produsere dei

Langtidsperspektiv

Med ein naturressurs som ikkje utviklar seg over natta meiner Madsøy det er viktig å vere tenke langt fram i tid.

– Matjord er ein avgrensa ressurs, og det er viktig at vi har eit langsiktig perspektiv. Vi må tenke på kommande generasjonar, og ikkje disponere bort for mykje matjord no, seier Madsøy, og påpeiker at det er i alles interesse å bevare matjord:

– I mange kommunar er landbruk ei stor næring, og bidrar til lokal verdiskaping og sysselsetting.

Prakteksempelet

Landbruksdirektøren syner til Aukra, Rauma, og Fræna på kommunar som har utmerka seg positivt. Rauma omdisponerer no ein fjerdedel så mykje areal som for fem år sidan.

– Lovverket er klart, politikarane er bevisst på jordvern, og vi er restriktive i administrasjonen, seier Heidi Skaug, utbyggingssjef i Rauma kommune.

Skaug vil likevel ikkje ta æra for at dei omdisponerer så lite dyrka jord i kommunen.

– Det er nok meir tilfeldig. Det har aldri vore veldig stort press frå utbyggarar. Eg veit ikkje korleis ryggrada hadde vore om det var det, seier utbyggingssjefen

Rauma er den største sauekommunen i fylket, og den tredje største landbrukskommunen.

– Vi har mange årsverk i landbruket, og det er ei viktig næring for kommunen. Eg trur vi er veldig bevisst på jordvern her, og politikarane har vore flinke. Vern av matjord er likevel ein av mange samfunnsinteresser som blir vege opp mot kvarandre. Det meste av vår omdisponering blir gjort av staten til samferdsleprosjekt som E136, og det er jo også viktig for folk, seier Skaug

Heidi Skaug i Rauma. Foto: Privat