Nye tal frå Statistisk sentralbyrå og Norsk institutt for bioøkonomi syner at Romsdalskommunane bygde ned 1988 dekar dyrka jord frå 2004 til 2015. Rundt ein firedel, 477 dekar, blei bygd ned av landbruket.

Jordnær

– Når bønder bygger fjøs må det vere sånn at man kan sleppe dyra ut, da blir det ofte heilt i nærleiken eller på dyrka jord, seier Mikkelsen.

Han er sjølv bonde, og sit i traktoren og legg ned høyballar når Budstikka ringer.

Mørketal

Kvart år rapporterer kommunane inn kor mykje dyrka jord dei omdisponerer, men bønder treng vanlegvis ikkje løyve for å bygge på eiga jord. Denne nedbygginga blir derfor ikkje med i statistikken over matjord som går tapt.

– Vi hadde nyleg årsmøte, og vedtok at landbruket no må bli meir bevisst sjøl. Nedbygginga har litt samanheng med utviklinga av at det er bygd mange store fjøs, da ofte på dyrka jord. Bønder vil jo òg ha husa rimeleg nære bustadene sine for å halde oppsyn med dyra. Men det er klart bønder bør bli meir bevisst, det bør alle, seier Mikkelsen.

Treng ikkje vere firkanta

Størst del av matjorda går til boligbebygging, 516 dekar i Romsdal sidan 2004.

– Ein skulle tru det var mogleg å få bustadfelt utanfor dyrka mark, med all den utmarka, berg, og fjell vi har. Berre tre prosent av Noreg er dyrka, og sjølv om ein får litt lengre avstand til skule og sentrum burde ein kunne unngå å bygge på matjorda, seier Mikkelsen.

Bondelagsleiaren vil likevel ikkje gjere dyrka jord heilag og urørleg.

– Det er forskjell på å bygge ned større samanhengande område, og å ta ei hjørne her og der. Om du er så heldig at folk flyttar ut til distriktet bør vi kanskje vere meir positiv. Vi bør unngå store næringsbygg og bustadfelt, men vi treng ikkje vere firkanta, seier Mikkelsen.