MIDSUND: Kommunestyret har vedteke å gå inn for å plassere fleirbrukshallen på tomta nord for Skeidsvoll.

– Plasseringa gir best utgangspunkt for utforming av området. Den tek omsyn til naboar, nærliggande miljø, og vil ikkje røre ved eksisterande anlegg, heiter det i vedtaket, der det også vert poengtert at ny hall, garderobehall, parkering og moglegheit for kiosk, vil vere positivt for Skeidsvoll.

Forhandling

Kommunestyret gir no administrasjonen fullmakt til å forhandle med aktuelle grunneigarar. Formannskapet får fullmakt til å sluttføre avtalen.

Administrasjonen går i gang med å skissere ny hall, innhente pristilbod, sette opp budsjett. Sandvolleyballbane og sykkelbane vert greidd ut som delprosjekt.

Plassering ved Midsundhallen, og oppå Skeidsvollbanen har også vore vurdert, men desse alternativa er lagt bort.