Midsundordførar Odd Helge Gangstad opplyste i dagens kommunestyremøte at han tek over som styreleiar for Møreaksen.

Han har i førre periode møtt som vara.

– Eg blei spurt om å komme inn som fast styremedlem, og takka ja til det. Kort tid etterpå kom spørsmålet om eg kunne stille som styreleiar – eg takka ja til det også, sa Gangstad i si orientering til kommunestyret.

Leiarskiftet vert gjeldande frå kommande styremøte den 26. juni

– Da eg fekk spørmålet, var det enkelt, dette var ei utfordring eg berre må ta, seier Gangstad i ein kommentar til Rbnett.

– Dette er ei svært viktig sak for Midsund-samfunnet, eg gler meg til å ta fatt, seier Gangstad.