Sjokoladekakebotn:

1 l kefir

8 dl sukker

4 ss kakao

200 g smør

12 dl kveitemjøl

1 ¼ ss natron

Alle ingrediensar bortsett frå smør blandast. Ha i smøret til slutt og hell i form. Steikast på 180 grader i 50 minutt. Bruk ein steikepinne for å sjekke om kaka er gjennomsteikt. Avkjøl.

Fyll

Bringebærmousse:

400 g bringebær

90 g sukker

4 plater gelatin

3,5 dl fløyte

Oreokrem:

200 g Philadelphia kremost

3 dl piska kremfløyte

1 ss vaniljeekstrakt

1 pk knuste Oreokjeks

Sjokoladekrem:

8 egg

460 g sukker

3 dl kremfløyte

Dette kokast.

Ha i:

500 g Tine smør

2 plater kokesjokolade

Marshmellowfondant:

2 pk marshmallow (500 g)

6 ss vatn

1 kg melis

Framgangsmåte:

Fyll først med bringebærmousse. Den må stå kaldt for å bli stiv før du fortset å fylle kaka med Oreokrem. Elin har alltid smørkrem som ho brukar å sprute rundt kanten på kvart lag. Denne støttar opp og hjelper å halde forma på kaka.

Sjokoladekremen er avkjølt og piskast opp til ein fyldig krem. Denne brukas som eit lag med fyll, men også oppå og rundt kaka.

Elin lar kaka stå kaldt i to timar før ho har på marshmellowfondant. Den må jobbast litt med. Flott matfeitt for å få den glatt og fin. Når fondanten er på, kan ein ta til å pynte kaka.

Figurane er laga av marsipan. Desse har stått og tørka ein dag eller to før ho set dei på. I konkurransen valde Elin motiv som Aukra er kjend for, som laks og ferja. Ho valde også påskeliljer som motiv – desse dekker marka ved kyrkja kvar vår, i tillegg til flammetårnet på Nyhamna, Rokta-monumentet, symbolet for Aukradagen og talet 10 for jubileet.